Innsendt av Margunn Løkkebø Solheim frå Hyen
* 300 - 400 g malt hjortekjøt
* salt/pepar
* 1 pk aspik (lys eller mørk)
* grønsaksblanding / blomkålblanding
* kokte egg
Lag aspik som beskrive på pakken. Mal hjortekjøtet ein gong på kvern. Brun kjøtdeigen på steikepanna og ta på salt og pepar. Avkjøl. Kok grønsaksblandinga / blomkålblandinga.
Legg hjortekjøtdeigen i botnen på ei form. Legg grønsaker og egg lagvis oppi. Hell over Aspik.
Når du skal servere, kvelver du kabareten over på eit fat. Pynt med tomat, agurk og salatblad. Server med dressing, brød og smør.