Hopp til innhold

Her har dei ein rein guteskule

På Veitastrond skule er ikkje likestilling ei problemstilling.
Samtlege av dei sju elevane er nemleg gutar – og det same er lærarane.

På Veitastrond skule er alle dei dei sju elevane. Det same er lærarane.

BERRE GUTAR: På skulen i Veitastrond er det fire år sidan sist det var jenter blant elevane.

– Det er moro at det er mange gutar, for då kan vi leike guteleikar, seier Erik Johan Hilleren (11).

På Veitastrond skule i Sogn er det berre gutar på dei seks klassetrinna. Det er fire år sidan dei siste hadde ei jente som elev ved skulen.

Tek ansvar for kvarandre og viser omsorg

– Her dei ikkje vant med noko anna. Eg trur dei er godt nøgde med situasjonen slik den er, seier pedagogisk leiar, Helge Nes.

På Veitastrond deler alle sju gutane både klasserom og to lærarar – som sjølvsagt også er menn.

– Her er det ikkje mykje dokker. Men det er ein veldig samanspleisa gjeng. Dei er trygge på kvarandre og dei er vant med å ta ansvar for kvarandre og vise omsorg, seier Nes.

Berre éin av elevane kan hugse jenter

Eldstemann er den einaste som kan huske jenter på skulen. Då han gjekk i førsteklasse, var det faktisk jenter på skulen.

– I gymtimane hadde vi to lag i kanonball. Då var det jentene mot gutane, seier Hilleren.

– Jentene tapte vel heile tida, spekulerer ni år gamle Noah Heggestad.

På det meste var det 20 elevar på skulen, men då må ein attende til på 1970-talet. No er dei sju, men i åra som kjem ser elevtalet ut til å auke igjen. Dermed kan eit gamalt problem igjen dukke opp for gutane ...

Om tre år kan det bli jentelus – igjen

– Det er det mest av i barnehagen, ler Heggestad.

For det er meir jentelus på veg. Om tre år er jentene som no går i barnehagen klare til skulestart. Og kanskje er dei ikkje heilt kvitt gamle jentelus heller.

– Kanskje eg har litt frå dei som gjekk her sist, ler Heggestad.