Hopp til innhold

Hege ute av spel i eitt år

Den tidlegare Jotun-spelaren Hege Bakken Walhquist blir borte frå handballbana i eitt år etter ein stygg kneskade.

Hege Bakken Wahlquist

UTE I EITT ÅR: Hege Bakken Wahlquist.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Det var i den tv-sende eliteseriekampen mellom Sola og Stabæk laurdag at Hege Bakken Wahlquist vreid kneet ut av ledd. TV2-kommentator Kjersti Grini sa med ein gong at dette var ein alvorleg kneskade.

– Der rauk alt i det kneet, sa Grini.

På sjukehuset meinte vakthavande lege at det berre var eit forstrekt leddband, men jenta frå Øvre Årdal ville ikkje slå seg til ro med det. Ho kravde ei skikkeleg undersøking.

Kjersti Grini hadde rett

Og det viste seg at den tidlegare landslagskapteinen Kjersti Grini hadde rett i den spontane kommentaren sin på direkten. For MR-undersøkinga synte at det fremre korsbandet har roke tvers av.

– Det var det eg var mest redd for. Men eg er framleis ung, og eg er fast bestemt på å trene meg opp att så kjapt som råd, seier Hege Bakken Wahlquist til tv2.no .

På juniorlandslaget

Hege Bakken Wahlquist har etablert seg som kantspelar på det norske juniorlandslaget, og ho har sett inn 38 mål for Sola denne sesongen. No får ho ikkje vere med på kampen for å berge plassen i eliteserien. Sola ligg på nedrykksplass når det står att tre kampar.

Det meste av neste sesong går og fløyten for den talentfulle handballspelaren frå Årdal.