Hopp til innhold

Håp for nedleggingstruga skule

Universitetet for Milø- og biovitenskap, UMB på Ås, støttar Sogn Jord- og hagebruksskule i kampen for å overleve.

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

HÅPET ER TENT: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, tolkar den siste utviklinga positivt for Sogn jord- og hagebruksskule.

Foto: Silje Immel Slettestøl

– Eg trur ikkje ein forstår betydinga av at ein har eit skikkelege kompetansemiljø innan økologisk landbruk. Det er eit nasjonalt satsingsområde, og då må ein også ha eit fagmiljø. Difor er det viktig at ein heller bygger ut enn legg ned skulen, seier Erling Krogh ved lærarutdanninga ved UMB.

I eit brev til Fylkeskommunen skriv universitetet ei støtteerklæring som dei håpar kan vere med å berge skulen, som igjen er truga av nedlegging. Sidan 80-talet har skulen fleire gonger gått ei uviss framtid i møte, noko som også er stoda i dag. Framover må skulen rustast opp for mellom 50 og 80 millionar kroner.

Vil ikkje misse viktig samarbeidspartnar

– På universitetet treng vi meir enn berre å snakke om ting. VI treng å ha levande eksempel på det vi syns er viktig, og det får vi i Aurland. Lærarstudentar lærer best ved å vere ute i praksis, og då er Sogn jord- og hagebruksskule ein glimrande stad å ha praksis. Det er dumt om vi taper den moglegheita, seier Krogh.

Samarbeidet mellom dei to utdanningsinstitusjonane har vart i over 15 år, og i tillegg til å vere praksisplass for lærarstudentar, har ein også samarbeidd om berekraftig landbruk, småskala geitehald og stadbasert læring og innovasjon.

Og no kan støtteaksjonen, som fleire landbruksorganisasjonar og lokale krefter har kasta seg på, sjå ut til å bere frukter. I slutten av november gjekk Fylkesutvalet inn for at Fylkeskommunen skal bidra økonomisk til opprusting og drift av skulen framover.

– No er det klart og tydeleg sagt at Fylkeskommunen vil vere med vidare, og bidra økonomisk. Vi har fått avklaring frå Fylkesutvalet, og samstundes utfordrar dei både kommunen og staten til å vere med å støtte skulen økonomisk. Eg trur vi kan få ein god prosess på det, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad.