Hopp til innhold

Han er ikkje uroa for heimevernet, trass varsel om nedlegging

Forsvarssjefens militære råd føreslår å leggje ned Heimevernet for Møre og Fjordane. Men Bjørn Lødemel (H) er ikkje uroa.

Bjørn Lødemel

IKKJE UROA: Bjørn Lødemel (H) kjenner seg trygg på at HV11 skal bestå.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er Sunnmørsposten som i dag skriv at Heimevernet for Møre og Fjordane, det såkalla HV11, er under press. På eit møte i det militære rådet i førre veke vart det foreslått å leggje ned den lokale eininga.

Dermed kan dei 3000 heimevernssoldatane som høyrer til under HV11 bli lagt under Trondheim eller Bergen.

Per Devold

UROA: Per Devold leiar for distriktsrådet for HV11 meiner forslaget om å leggje ned er galskap.

Foto: Omer Sejnæs / NRK

Per Devold, leiar for distriktsrådet for HV11, meiner forslaget er galskap og ber politikarane kome på bana.

– Du kan sjå for deg situasjonar der det er bruk for å kalle opp heimevernet og så sit det ei leiing utanfor vår geografi og ikkje er kjent med forholda, seier han til NRK.

Men Bjørn Lødemel i Høgre meiner det er for tidleg å late seg skremme. Han stolar heller på signala han har fått om at det er å ønskje om å styrke heimevernet.

– Så fram til no er det berre spekulasjonar, seier han.

Likevel lovar han å følgje med på utviklinga og ha tett kontakt med Forsvarsdepartementet.

– For vår del er det viktig å satse på heimevernet, slik at vi har lokale einingar både når det gjeld vakthald, sikring og den lokale beredskapen under naturkatastrofar, seier han.