Hopp til innhold

Grovt tjuveri

Politiet har i kveld fått melding om eit grovt tjuveri frå ein einebustad i Markane i Stryn. Det har truleg skjedd i dag tidleg litt over klokka 0900, og vart oppdaga i ettermiddag. Det var ikkje folk heime då det skjedde. Gjerningsmannen har knust eit vindauge på altanen og har stole videokamera, pass, mobiltelefon og harddisk. Nabo til staden har sett ein mørk bil, eldre type, truleg stasjonsvogn ved huset i dag litt etter klokka 0900. Bilen køyrde på RV 15. Politiet ønskjer tips på tlf. 02800.