Hopp til innhold

Har tapt 12 millionar på momskompensasjon

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan i år ha tapt over 12 millionar kroner i momskompensasjon i vegsektoren.

Statens vegvesen på Hermansverk

MILLIONBELØP: Millionbeløpet som Statens vegvesen førte opp som meirverdiavgift, skulle vore tre gonger så høgt.

Foto: Arild Nybø / NRK

Årsaka er mellom anna at moms ikkje alltid blir spesifisert i fakturaer og sakene har korte foreldingsfristar, går det fram av ein rapport frå SF-revisjon til Skatt Vest.

Leiar i kontrollutvalet i fylket, Arve Mjømen (H), meiner staten har for dårlege rutinar og system.

– Dei har ikkje gode nok rutinar og retningsliner til å fange opp slikt i tide. I dette høve så veit ein ikkje om situasjonen før det er for seint, og då glipp ein i Sogn og Fjordane på 12 millionar, seier han.

Arve Mjømen

LEIAR: Arve Mjømen (H) leiar kontrollutvalet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I rapporten blir det mellom anna vist til ein faktura frå eit utanlandsk selskap på 16,5 millionar kroner. Vegvesenet som fører rekneskapet for fylkeskommunen i slike saker, rapporterte då vel fire millionar som meirverdiavgift.

At heile summen var meirverdiavgift gjekk ikkje fram av fakturaen. Då feilen vart oppdaga og retta opp i neste rapport, var saka allereie forelda.

No vil kontrollutvalet sjå om dette er eit gjengs problem også elles i landet.

– Vi skal la kontrollsjefen jobbe i fortsettelse med det, og ha kontakt med kontrollutvala både i Rogaland, Hordaland og på Møre for å sjå om det er fellsnemnarar i desse fylka våre på same sak, seier Mjømen.