Hopp til innhold

Fylkesbaatflagget kom heim

I dag kunne Fylkesbaat-entusiastane Henning Rivedal og Hermund Kleppa ta imot det gamle flagget til Fylkesbaatane.

Hermund Kleppa , Roger Rivedal og Henning Rivedal med Fylkesbaat-flagget

STOR DAG: Hermund Kleppa (t.v.) og Henning Rivedal (t.h.) har fått flagget frå kaptein Roger Rivedal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Då Norled-snøggbåten «Vingtor» klappa til kai på Leikanger på ruta Bergen-Flåm fredag steig kaptein Roger Rivedal i land med eit innramma flagg. Det er det gamle flagget til «Kommandøren», der han var skipper tidlegare.

No er «Kommandøren» seld til Panama, Norled har overteke snøggbåtrutene i Sogn og Fjordane frå Fjord1, og Rivedal har fylgt med over.

Han presiserte ved overleveringa at han hadde fått løyve av Fjord1-direktør Leif Øverland til å gje frå seg flagget.

Snøggbåten Kommandøren ved kai i Bergen

FRÅ KOMMANDØREN: Flagget har hengt på snøggbåten Kommandøren, som no er på veg til Panama.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Stor dag

For Hermund Kleppa og Henning Rivedal var det som ein julekveld på forskot.

– Eg må seie at det er ein stor dag og ei stor hending at vi har fått lov til å ta vare på dette siste fylkesbaatflagget til «Kommandøren». Og det er ein sterk tekst under flagget: «Til minne om Fylkesbaatane», seier Kleppa.

– Eg vart sett litt ut, det var ei fantastisk oppleving å få dette flagget som har hengt der mot alle lover på gode, gamle «Kommandøren». Akkurat no er eg viljug til å tilgje dei fleste det meste, sa ein rørt Henning Rivedal.

Skal henge attmed OL-plakat

– Det at det hengde der heilt til slutt på «Kommandøren» var eit uttrykk for at mesteparten av mannskapet om bord på Fjord1-båtane hadde eit forhold til fylkesbaatflagget. Eg hadde gjerne sett at dette flagget framleis vaia frå toppen av mastene til Fjord1-båtane, sa Hermund Kleppa.

Flagget skal henge på Dampskipsekspedisjonen som dei to entusiastane kallar kontoret der dei sel t-skjorter og flagg. Der får det plass attmed den offisielle OL-plakaten frå vinter-OL i Oslo i 1952.