Hopp til innhold

Fryktar vassmangel

Etter den høge temperaturen i helga, rår Vik kommune innbyggjarane om å ikkje bruke unødvendig mykje vatn.

Vann
Foto: Scanpix

I helga har det vore større forbruk av vatn enn reinseanlegga klarte å halde tritt med, og på Vangsnes har innbyggjarane vore utan vatn.

– Vi må få forbruket ned, seier Per Martin Berglund, teknisk sjef i Vik kommune.

Fornuft

Dersom det blir ein tørr sommar, er Berglund redd at stader i kommunen kan verte utan vatn – igjen.

– Vi ber innbyggjarane på Vangsnes om å bruke vatnet med fornuft. Kutt ned på hagevasking og bilvask, oppmodar han.

Berglund seier dei førebels har nok vatn, men han fryktar ein tørr sommar.

– Viss ein er litt varsom med bruk av vatn, skal vi klare å halde produksjonen oppe ei stund framover. Men om det blir ein tørr sommar med lite nedbør i fjellet, kan vi få eit problem, seier han.