Hopp til innhold

Frykta folk var tekne av skred

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laurdag ettermiddag fekk politiet melding om at det hadde gått eit snøras ved Turtagrø i Luster.

Luster Røde Kors blei sende til området for å sjekke om nokon var tekne av raset. Det er mykje folk i området denne helga på grunn av High Camp og det var deltakarar her som melde frå om eit skred i Ringsbotn.

Ei stund frykta politiet at folk hadde blitt tekne av raset. Røde Kors blei sendt ut med to snøskuterpatruljer for å sjekke. Kort tid etter kom det melding om at det var isbreen som hadde kalva og at ingen var trefte av israset.

– Vi har no avblåst aksjonen, opplyser politiet.