sanden 5 - MANGE PÅ PLASS: Store politistyrkar, Røde Kors og ambulansar er i natt på plass på Sanden i Naustdal. - Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

MANGE PÅ PLASS: Store politistyrkar, Røde Kors og ambulansar er i natt på plass på Sanden i Naustdal.

Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

Ungdomsfest kom ut av kontroll - i dag ser Sanden ut som ei slagmark

Ungdommar rava stup fulle rundt under ungdomsfesten på Sanden i Naustdal natt til 1. mai. Helsepersonell hadde si fulle hyre med å hjelpe ungdommar som hadde vore i slagsmål eller var overstadig rusa.

Seint måndag kveld og natt til tysdag var det fullt kaos på den utandørs ungdomsfesten på Sanden i Naustdal. Fleire vart frakta til Sentralsjukehuset i Førde. Fleire har også kontakta politiet etter at dei har fått regelrett bank av andre som var til stades på festen.

Klokka 04.27 vart politipatrulja i Førde kontakta av ei ung mann som tidlegare på natta hadde vore på Sanden i Naustdal. Han skal ha vorte slegen ned av nokon som for han var ukjende personar. Mannen hadde synlege merker etter hendinga, og vil truleg melde forholdet til politiet over helga.

Klokka 01.11 måtte politiet køyre heim ein ung rusa mann frå Sanden i Naustdal.

Like etter halv eitt melde operasjonsleiar om at det var kome mange meldingar om fyll og slagsmål. Helsepersonell som var på staden, handsama fleire ungdomar som har fått slag og spark også mot hovudet. Politiet har starta etterforsking.

Tysdag morgon er det roleg på Sanden, men staden ber tydeleg preg av kva som har gått føre seg der i natt. Det ligg plastposar, ølboksar og søppel av alt mogleg slag, strødd utover heile området i Naustdalsbukta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sanden 1 - SOM EIN BOSPLASS: Det er ikkje mykje på Sanden som minner om strandidyll 1. mai. - Foto: Alf Vidar Snæland /

SOM EIN BOSPLASS: Det er ikkje mykje på Sanden som minner om strandidyll 1. mai.

Foto: Alf Vidar Snæland

Overstadig rusa

Operasjonsleiar Venke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt kunne måndag kveld og natt til tysdag melde at så mange som åtte politimenn var sende til Naustdal for å prøve å få kontroll over situasjonen. På festen var det fleire hundre ungdomar samla, både russ og andre som vil vere med.

– Men det seier seg sjølv at det ikkje er lett med 500-600 fulle ungdommar, seier Hope og legg til at både Røde Kors og anna helsepersonell no er på staden for å ta unna eventuelle overstadige rusa eller folk med skader, seier Hope.

Sanden Naustdal - TEKEN HAND OM: Ambulansepersonell tek hand om ein av festdeltakarane utanfor bensinstasjonen i Naustdal no i kveld. - Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

TEKEN HAND OM: Ambulansepersonell tek hand om ein av festdeltakarane utanfor bensinstasjonen i Naustdal no i kveld.

Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

Ei 18 år gamal jente vart ved 21-tida køyrd med ambulanse til Førde Sentralsjukehus frå festen på Sanden i Naustdal.

– Jenta er lagt inn på sjukehuset, opplyser politiet.

Fekk tilsyn på staden

Augevitne fortel om kaotiske tilstandar, med mange svært rusa ungdomar. Politiet har vore tilstades på festen sidan tidleg i kveld, men i løpet av kvelden var alt tilgjengeleg mannskap i området på plass på Sanden.

– Dette var svært skremmande, fortel eit vitne til NRK etter at vedkomande sjølv varsla politiet om alvorleg vald.

sanden 3 politi - ARREST: Minst ein person er frakta av politiet til arresten i Førde. - Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

ARREST: Minst ein person er frakta av politiet til arresten i Førde.

Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

Ved 23-tida kunne politiet fortelje at minst tre andre ungdommar no skal få legetilsyn grunna for mykje alkohol. Eit betydeleg tal ungdomar vart sjekka av helsepersonell på staden.

Måtte i arresten

Ein person var samstundes på veg til arrest. I rusa tilstand hadde guten yppa til bråk og uro, og må sitje i arresten til han er edru.

Ved midnatt var tilstanden i området framleis uoversikteleg, og politiet hadde framleis alt tilgjengeleg mannskap på staden.

Ved eit tilfelle skal ein person ha blitt banka opp av fleire andre personar. Vitner fekk varsla politiet, og offeret skal ha fått legebehandling på staden.

Sanden 2 - MYKJE POLITI: Alt tilgjengeleg mannskap frå politiet er i natt tilstades på festen på Sanden i Naustdal. - Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

MYKJE POLITI: Alt tilgjengeleg mannskap frå politiet er i natt tilstades på festen på Sanden i Naustdal.

Foto: NRK-tipsar / MMS-foto

Kaos for politiet

Vitne på staden fortel om kaos, folk som er medvitslause grunna stort alkoholinntak og mange slosskampar.

Ved 00.30-tida i natt var det så hektisk på politiet sin operasjonssentral at ingen hadde høve til snakke med media. Då NRK igjen var i kontakt med politiet kring klokka 01.30 fekk vi såvidt operasjonsleiar Venke Hope i tale.

– Vi har framleis svært mykje folk ute, og situasjonen er førebels uoversikteleg. Vi må avvente rapport frå innsatsleiar, slo Hope fast.

Har du bilete eller tips i saka? Send bilete med kodeord SF til 1987, eller på epost: sf@nrk.no


Aktørane i tingretten på befaring på Bryggja i dag i samband med bildrapssaka.
Ny utgåve av fotballstudio
Den nye akutt-basen ved Førde sentralsjukehus til 166 millionar kroner kan bli malen for resten av helse-Norge.

Kvar er dette?

Kvar er dette? - Foto: Ottar Starheim / NRK
Foto: Ottar Starheim / NRK

Veit du kvar dette er? Du kan vinne Flax-lodd

Høyr sendingane våre

Gro Ravnestad - Foto: Arne Stubhaug / NRK
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høyr alt vi sender - direkte og i opptak

Vestlandsrevyen

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Sjå Vestlandsrevyen her