Hopp til innhold

Dramatikk i Florø - takla kapteinen til raudt

Florø-kaptein André Reksten blei liggande og vri seg i smerter etter at Hamkam-spelar Azis Idris takla seg til raudt kort.

HamKam-spelar fekk raudt kort for å takle Florø-kaptein André Reksten.

RETT PÅ RAUDT: HamKam-spelar Azis Idris måtte forlate bana etter taklinga av Florø-kapteinen. Foto / redigering: Truls Kleiven

– Det var absolutt ingen pen situasjon, og heilt klart eit raudt kort til Hamkam-spelaren, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK etter kampen i 2. divisjon.

Idris kom alt for seint inn i situasjonen, og domaren var ikkje i tvil om at taklinga fortente direkte utvising.

– André var heldigvis oppegåande etter kampen, men vi får sjå i morgon korleis dette blir. Vi har jo ein vanskeleg skadesituasjon frå før, seier Rognsø.

Andre Reksten ligg strekt ut

DRAMATISK: Rett før full tid blei Florø-kaptein André Reksten liggjande etter å ha blitt takla kraftig.

Foto: Truls Kleiven

Det gjeld blant anna Stefan Aase som denne veka var til Oslo for å sjekke ut ein skade i mageregionen.

– Han har fått kortisonsprøyte, men vi veit ikkje når han kan vere attende på bana, seier Rognsø.

Florø hadde i utgangspunktet det meste av spelet og mange sjansar mot HamKam. Men som kjend er det måla som tel, og Petter Aase sitt mål etter 60 minutt blei Florø sitt einaste i kampen.

Gjestene gjekk opp i leiinga alt etter ein halvtime, og klarte med naud og neppe å få med seg eitt poeng attende til Hamar.

Created by InfoDispatcher