Hopp til innhold

Under ti prosent av deltidstilsette vil jobbe meir

Ei undersøking syner at knapt ti prosent av deltidstilsette i Helse Vest ønskjer å jobbe fulltid.

helsepersonell

VEL DELTID: Mange tilsette i helsesektoren vel sjølve å jobbe deltid, og ønskjer ikkje full stilling.

Foto: F.Destoc / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Det er Dagens Næringsliv som fortel om undersøkinga i dag.

I Helse Vest har personal- og organisasjonsdirektør Hilde Christiansen invitert alle medarbeidarar ved helseføretaka til å melde inn om dei ønskjer auka stillingsprosent.

I undersøkinga er det spurt absolutt alle typar medarbeidarar, frå reinhaldsarbeidarar til legar.

Talet er lågare enn venta

Til saman 680 personar har meldt inn at dei ønskjer å auke stillingsprosenten sin, noko som utgjer knappe ti prosent av alle som jobbar deltid. Det utgjer knappe fire prosent av alle tilsette ved sjukehusa i regionen.

– Talet er merkbart lågare enn det mange hadde trudd. Dette syner at dette er ei utfordring det er mogleg å handtere, seier Christiansen til Dagens Næringsliv.

Ei spørjeundersøking i 2007 synte at 28 prosent av deltidstilsette i Helse Vest ikkje var nøgde med stillingsstorleiken sin.

Meiner tala har truverde

Christiansen meiner tala er truverdige sidan dei er langt meir forpliktande for den einskilde medarbeidar i dialogen med leiaren sin, enn ei tradisjonell spørjeundersøking.

– Dei som melder inn behov, skal bli følgde opp med tilbod så raskt som mogleg frå arbeidsgjevar, seier Christiansen.

Diskusjonen om ufrivilleg deltid i helsesektoren har vore ei varm potet blant partane i arbeidslivet. Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm har sett av 25 milionar kroner til prosjekt for å redusere ufrivilleg deltid.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har pålagt sjukehusa å redusere deltidsandelen med 20 prosent i løpet av året.

Trur tala er høgare

Leiar i Sykepleierforbundet, Eli Gunhild By, har ikkje tru på at undersøkinga til Helse Vest syner det reelle ønsket for fulltid.

– Eg trur det reelle potensialet for å auke stillingsdelen er større enn det som syner, rett og slett fordi føresetnadene ikkje er klare, seier By til Dagens Næringsliv.