Hopp til innhold

Etterlyser betre kai i Undredal

– Det er skammeleg at vi ikkje skal ha så mykje som ei lita flytebrygge å by båtturistar som kjem, seier Leif Finden i Aurland.

Undredal

IKKJE LETT Å KOME I LAND: I Undredal ynskjer dei seg flytekai, slik at dei lettare kan ta i mot båtturistar.

Foto: Leif Finden

Sundag tok Finden bilete då ei gruppe turistar frå hurtigruteskipet Fram skulle i land i Undredal.

– Eg har etterlyst flytebrygge her i fleire år. Det er det same enten det er store eller små båtar som kjem og gjerne vil stoppe, då har dei ikkje nokon stad å legge til.

Skal Undredal kunne ta del i den turistveksten som dei blant anna opplever i Flåm, må kommunen legge betre til rette også i Undredal, meiner Finden.

Må ha ein viss trafikk

Noralv Distad

VIL SJÅ PÅ SAKA: Noralv Distad (H) er ordførar i Aurland.

Foto: Ole André Rekkedal

Det er ein tanke som ordførar i Aurland, Noralv Distad, ikkje er framand for, men han peikar samstundes på at dei kaiane som er i bygda frå før er private.

– Føresetnaden for å gjere noko er jo at det i utgangspunktet er trafikk av eit visst omfang, seier Distad.

– Det er vel gjerne kjernen i problemet, utan brygge - lite trafikk og lite trafikk - ingen brygge?

– Det kan du seie, men no er det slik at når det gjeld den trafikken som er i Undredal med rutebåt og safaribåtar, så har ein private kaiar som kan ta i mot dei. Så får vi sjå om vi skal bidra med pengar til investeringar eller om vi skal overlate det til dei private.

Undredal

MÅ IMPROVISERE: Mannskapet frå hurtigruteskipet Fram er vande med å improvisere når dei skal setter turistar i land langs kysten.

Foto: Leif Finden

Vil sjå på saka

– Kjem det inn ein førespurnad til kommunen om å sjå nærare på dette, så kan eg formidle det vidare til hamnevesenet, som då kan vurdere saka, seier Distad.

I Undredal er Finden klar på kva han meiner må til for at fleire turistar skal kunne kome til bygda.

– Då må vi få ei flytebrygge som gjer at vi kan ta i mot folk på skapleg vis, seier Finden.