Hopp til innhold

– Endeleg fekk Milorg-sjefen oppreising

Like etter krigen vart han sett på nærast som ein forrædar av Ap-regjeringa fordi han kritiserte politikarar og samfunnstoppar for å ha samarbeidd med nazistane. I dag vart nordfjordingen heidra med ein eigen bauta.

Oliver Langeland
Foto: Bård Siem / NRK

Tindrande sol, opptog, musikk, talar og dikt. Ramma kunne ikkje vore betre då major Oliver Langeland (1887–1958) endeleg skulle få si oppreising på festplassen på Nordfjordeid. Statuen er laga av skulptør og biletkunstnar Frode Mikal Lillesund frå Nesoddtangen.

Om lag 700 feststemde gjestar hadde møtt opp på på gamle ekiersisplassen. Av desse var det nærare 100 etterkommarar av Langeland til stades i samband med eit sleksstemne.

Heilt frå USA og England hadde nokre av slektningane teke turen for å få med seg at bestefaren endeleg skulle bli heidra.

Oliver langeland

MANGE FRAMMØTTE: Mange etterkomarar av Milorg-helten deltok under seremonien laurdag.

Foto: Bård Siem / NRK

Vart utfrosen og gløymd

Langeland var fødd på Nordfjordeid i 1887 og tok etter kvart militær utdanning med krigsskulen si øvste avdeling.

Oliver langeland

OPPTOG: Mars var ein del av opplegget under avdukinga av Langeland-bautaen.

Foto: Bård Siem / NRK

Den dyktige majoren vart i 1942 utnemnd som sjef for Milorg i Oslo og bygde det opp til å bli det klart største i Norge. Han fekk alliert heider for stor krigsinnsats.

Men då han i to bøker etter krigen gjekk hardt ut mot landssvikoppgjeret, og kritiserte politikarar og samfunnstoppar for å ha samarbeidd med tyskarane, vart han sett på nærast som ein forrædar.

Han vart utstøytt, stroken frå alle leksikon og gløymd.

Også barna og enkelte av barnebarna fekk merke kor upopulær Oliver Langeland var gjennom utstøyting og utfrysing.

Oliver Langeland

PÅ VEG MOT AVDUKING: Opptog og hornmusikk på veg mot avdukinga av Langeland-bautaen.

Foto: Bård Siem / NRK

Stor krigsinnsats

Leiar i komiteen for Langeland-monumentet, John Olav Vereide, ønskte alle velkomne. Han rosa Langeland for hans store krigsinnsats og ikkje minst for hans store mot etter krigen.

– Dette er ein stor dag og ein historisk dag fordi vi skal trekke fram i lyset ein person som har vore gløymd og gøymd frå krigshistoria vår. Dagen i dag er for oppreising. Oliver Langeland vart utsett for stor urett, sa Vereide mellom anna.

Oliver Langeland

AVDUKA: Pensjonert oberstløytnant Gudmund I. Haugen saman med John Olav Vereide under avdukinga av Langeland-bautaen.

Foto: Bård Siem / NRK

Etterlyste sanninga

Eid-ordførar Alfred Bjørlo heldt tale.

– Som ordførar i Eid stiller eg meg heilt og fullt bak at Oliver Langeland no får det minnesmerket og den oppreisinga han fortener. For oss har det aldri vore nokon diskusjon. Sanninga skal fram. Rettferda bør skje. Den som har gjort ein slik innsats som det Oliver Langeland gjorde under krigen, skal heidrast, sa Bjørlo.

Kontroversiell også i dag

Pensjonert oberstløyntnat, Gudmund I. Haugen, stod for den offisielle avdukinga. Dette fordi ingen frå det offisielle Norge ville gjere det. Dette viser at Langeland er kontroversiell også i dag.

Oliver Langeland

HONNØR: Pensjonert oberstløytnant Gudmund I. Haugen gjer honnør ved Langeland-bautaen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ein heidersperson som Langeland kan ein ikkje gå forbi når ein snakkar om krigsinnsats. I stor grad bygde han åleine opp Milorg i Oslo til å bli ein velfungerande organisasjon. Dette var ein mann som stod for demokrati og rettferd, og med eit mot som neppe kan sidestillast. Han fortener full heider og det er ei bragd å få reist dette minnesmerket, sa Haugen..

Haugen sa følgjande til NRK etter avdukinga:

– Oliver Langeland vart utsett for ein hekseprosess og det er ei skam at ingen frå det offisielle Norge ville vere med under avdukinga.

– Frykteleg pinleg

Fredag kveld var Kulturhuset Gamlebanken på Nordfjordeid fylt til trengsel under historikar og forfattar Arvid Bryne sitt føredrag. Bryne har skrive bok om Langeland og karakteriserte behandlinga han fekk som ei skam.

– Det er frykteleg pinleg at ingen offisielle representantar deltek under avvikinga, sa han.

Arvid Bryne

PINLEG: Historikar og forfattar Arvid Bryne seier det er frykteleg pinleg at ingen frå det offisielle Norge ville vere med under avdukinga.

Foto: Bård Siem / NRK