Hopp til innhold

Elmar (7) fekk napp første vårdag

På årets første vårdag klarte ikkje jølstringen Elmar Gjesdal (7) å vente lenger. Med fiskestonga i hand vart det napp på årets første kast laurdag.

Elmar Gjesdal med fisken han landa i Jølstravatnet

NAPP: Elmar Gjesdal starta fiskesesongen tidleg i år – og fekk napp på aller første kastet i Jølstravatnet.

Foto: Fotomontasje: Privat

Opp frå Jølstravatnet drog sjuåringen ein stor og flott aure, på ikkje mindre enn 590 gram.

Det på sluk, og frå land ved Strand på sørsida av Jølster.

– Han var heilt propell. Heilt vill. Det er jo krefter i ein slik fisk, men han gjorde alt sjølv og fekk den til slutt i fjæresteinane, fortel pappa Frank Gjesdal med eit smil.

Store kontrastar

I sterk kontrast med fjoråret, har det vore ein svært «vårleg» vinter i år. Medan isen låg nær metertjukk over Jølstravatnet på denne tida i fjor, var februar i år så mild at snittemperaturen for har vore rekordhøg.

Dette visste altså andreklassingen Elmar å utnytte. Dermed vart det tidleg tur til Jølstravatnet i år for den fiskeglade sjuåringen.

– Det var litt tungt å få den på land. Men veldig gøy, gliser Elmar over sin største fisk nokosinne.

– Det er fisk å få

– Eg har fiska mykje, men det er ikkje kvar dag ein får fisk på 600 gram, legg pappa Frank til.

Finn Årdal

FORSTÅR: Finn Årdal er ikkje overraska over at det blir landa fisk i Jølster så tidleg på året.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Finn Årdal driv fiskemottaket på Jølster. Han forstår godt at folk allereie 1. mars plukkar fram fiskestonga og prøver fiskelukka.

– Vi veit at det er fisk som søkjer mot land på denne tida og eg har tidlegare høyrt om folk som har landa aure med det same isen går. Eg trur ikkje det er noko uvanleg med temperaturen i vatnet, men det er vel heller få som prøver å fiske så tidleg, seier han.

12 kilo i Kjøsnesfjorden

Faktisk vart også den største fisken som er landa med stong, ein på over 12 kilo i Kjøsnesfjorden, landa tidleg på året.

– Det er jo ikkje den vanlegaste sesongen å fiske, men no er det så vårleg at eg skjønar godt at det freistar å prøve, seier Årdal og undrar seg over om Elmar har starta tidleg med førebuinga til fiskekonkurransen i Jølster.

– Det er det fleire som har spurt om, humrar Frank Gjesdal.

Mildvêret held fram

Hekkane i Lærdal i full blomst.

BLØMER: Hekkane i Lærdal er byrja å bli grøne. Bilete er teke laurdag.

Foto: Jan Christian Jerving

Skal ein tru vakthavande meteorolog Haldis Berge, ved Vêrvarslinga på Vestlandet, kan Elmar ha fiskestonga lett tilgjengeleg også dei neste dagane.

Sjølv om prognosane er usikre, er det ikkje snø eller kulde å sjå dei neste ti dagane.

– Det vil halde seg mildt også neste veke, og det blir ikkje snø i låglandet. Snøgrensa vil truleg ligge på 800–900 meter. Temperaturane ser ut til å halde seg, og det vil stort sett halde seg opplett fram til onsdag, seier ho.

Sette vinterrekord

Statsmeteorolog Haldis Berge

METEOROLOG: Haldis Berge.

Foto: Marit Hommedal

Fleire stadar i fylket blomstrar blomane, og i Lærdal er både tre og hekkar i full gang med å bli grøne.

– Det har vore varmt og då skjer dette. Heile vinteren har vore mild, med ny vinterrekord for både Førde og Sandane. I Førde har middeltemperaturen for vintermånadane desember, januar og februar vore på 3,1. Normalen er -2, seier Berge.

Vart kveldsmat

Blomar i Lærdal

BLØMER: Årets februar har vore rekordvarm mange stader i fylket. I Lærdal er blomsterbeda allereie byrja å få fargar. Bilete er teke laurdag.

Foto: Jan Christian Jerving

Den milde vinteren har friluftslivsinteresserte som Elmar visst å utnytte. Søndag var han med pappa på Sanddalsstølen, før han tok turen ned att til Jølstravatnet for å fiske meir.

– Han fekk ein på 400 gram i fjor, men dette er juvelen. Den var blank, feit og raud i kjøtet. Heilt fantastisk, seier pappa Frank om auren Elmar landa laurdag.

– Meininga var å la den ligge, men etter kvart fekk vi så mykje vatn i munnen at den vart reinska, salta og lagt på steikepanna, avsluttar han.