Hopp til innhold

Dømd i lagmannsretten for å ha køyrt på gut

Ei kvinne i 60-åra er dømd i Gulating lagmannsrett for å ha køyrt på ein gut i Movika i fjor haust.

Ulukke Moskog

REDUSERTE IKKJE FARTEN NOK: Ei kvinne i 60-åra er dømd for å ikkje ha avpassa farten nok då ho køyrde på ein gut som sprang framfor ein buss i Movika i fjor og rett ut i vegen.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det var den 31. oktober 2013. Klokka var 14.31 og skulebussen hadde akkurat stoppa i Movika i Førde kommune. Ein gut som gjekk av bussen sprang over vegen framfor bussen og vart påkøyrd av ein personbil.

Sjåføren av personbilen, ei kvinne i 60-åra, vart tiltalt for ikkje å ha køyrt aktsamt nok. Saka kom opp i Fjordane tingrett 25. mars, og eit fleirtal i retten frifann kvinna etter tiltalen. Men påtalemakta anka dommen.

Dømde kvinna

No har Gulating lagmannsrett dømd kvinna for å ikkje ha vore tilstrekkeleg aktsom då ho køyrde forbi bussen.

Fleirtalet i lagmannsretten meinte kvinna ikkje viste nok aktsemd då ho passerte busstoppet i 50 km/t, og at ho med den farten ikkje hadde mogelegheit til å stoppe for personar som eventuelt kom ut framfor bussen.

Kvinna har forklart at ho ikkje såg guten før bilen hennar trefte han. Ho høyrde eit dunk og såg at frontruta var knust i høgre hjørnet. Då forstod ho at det var noko alvorleg, og ho stansa bilen.

Burde justert ned farten

Fleirtalet meinte kvinna hadde tilstrekkeleg tid til å redusere farten tilstrekkeleg til å kunne stoppe frå ho oppdaga bussen til ho passerte den.

Mindretalet, som var ein av meddommarane, meinte at dommen frå tingretten burde bli ståande.

Kvinna er dømd til 21 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år. I tillegg må kvinna betale ei bot på 5000 kroner og tap av førarkortet i seks månadar.