Hopp til innhold

Dei kan bli først i landet til å ta betalt for kyrkjelege tenester

Kyrkja i Vågsøy slit med økonomien og vurderer å ta betalt for bryllaup og andre kyrkjelege tenester. Med det kan dei setje ein lite populær noregsrekord.

Vurderer betaling for kyrkjetenester

Kyrkjeverje i Vågsøy, Anne Gry Fløien, seier det er det er dårleg økonomi som tvingar kyrkja å tenkje i nye baner.

– Vi må vurdere alle moglege måtar å få inn meir pengar til kyrkja, for vi har ikkje nok pengar til å drifte kyrkja på ein forsvarleg måte i dag, seier ho.

Fryktar ekskludering av dei med dårleg råd

I praksis kan det bety at tenester som i dag er gratis, som barnedåp, bryllaup, gravferd og konfirmasjon, kan få ein pris.

Vurderer betaling for kyrkjelege tenester

UROA: Kyrkjeverje i Vågsøy, Anne Gry Fløien, fryktar at innføring av betaling vil ekskludere folk med dårleg råd.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er det ingen som gjer i dag, så det ei avgjerd som vi ikkje kan ta sjølve. Det er ei avgjerd som bispedømet må ta, dersom det kjem så langt at det kjem som eit forslag frå vårt sokneråd, seier ho.

Kyrkjeverja likar ikkje situasjon dei har kome i. I verste fall kan innføring av betaling føre til at enkelte med dårleg råd blir ekskluderte.

– Det opnar for at folk ikkje kan komme til kyrkja å gjere dei tinga dei har lyst til, fordi dei ikkje har råd, seier ho.

Meiner kommunane har ansvaret

– Det er veldig beklageleg, seier biskop i Bjørgvin Halvor Nordhaug.

Halvor Nordhaug

OPPMODING TIL KOMMUNANE: Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, meiner det er kommunane sitt ansvar at kyrkjene har nok pengar å rutte med.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Biskopen seier det ikkje er aktuelt å ta betaling for dåp. Derinot kan det vere aktuelt for bryllup og gravferd, men berre for folk som ikkje er busett i kommunen. Konfirmasjon tek svært mange soknerråd alt betaling for.

Nordhaug meiner det er kommunen som har ansvaret for at kyrkja har nok pengar til å drive forsvarleg.

– Det viser seg at det er enorme variasjonar, nokon gjev veldig raust, medan andre er ganske knipne. Så eg vil sende ei sterk oppfordring til kommunane om å sørge for at kyrkja får levelege kår, slik at ein kan gje folk dei tenestene dei ønskjer og vere ei open folkekyrkje, seier han.

Han ser likevel at kyrkja òg har eit eige ansvar. Når økonomien i kommunane skortar, er det viktigare enn elles å stå på for eigne interesser.

– Det er nok eit problem at kyrkja ikkje er like på hogget som kanskje andre etatar i kommunen, for å fremme si sak. Det kan vere naudsynt å stå litt på i offentlegheita for å løfte fram dei behova som kyrkja har. For dei er mange er mange, ikkje minst i Sogn og Fjordane kor det er mange kyrkjer og ikkje fullt så mange folk, seier han.