Hopp til innhold

Ber om å få felle kobbe

Fleire ber om løyve til å felle steinkobbe som et sjøørret og laks frå eleven i Sogn.

Kobber

VEKK: Steinkobben er ikkje ein naturelg del av eleven våre, og no vil fleire felle dei.

Foto: Steinar Bauge

- Vi har sett tre ulike steinkobber som har teke seg opp i Sogndalselva og dei jaktar på fisken der, seier leiar i Sogndal Jeger og sportfiskeforening, Yngve Håkonsen.

Aukande problem
Trym og pappa Yngve Håkonsen med laksen på 11,1 kilo.

FISKAR: Yngve Håkonsen, leiar i Sogndal Jeger og sportfiskeforening, meiner kobbene må vekk. Her frå fiskeidyll med sonen Trym. Arkivfoto.

Foto: Privat

Problemet med steinkobber inst inne i elvane er blitt eit aukande problem.

Både i Sogndal og Stryn søkjer no jeger- og sportsfiskeforeningane om løyve til å felle kobbene.

Steinkobbene har allreie har ete seg ut av sitt naturlege element på kysten, og må dermed finne seg andre matfat.

Et 30 kilo kvar dag

Elvene som bugnar av fisk lokkar dei til å fjerne seg frå sitt vandte element.

Men dette likar ikkje fiskarane.

- Ein vaksen steinkobbe et opp mot 30 kilo med fisk kvar dag. Det seier seg sjølv at det ikkje er bra for bestanden i elevene våre, seier Håkonsen.

- Kor viktig er det å få dei fjerna?

- Det er slett ikkje naturleg å ha steinkobber i eleven våre. Dei skal halde seg til kysten vår. Men vi har sett dei siste ti-15 åra at bestanden har vakse, og no har vi altså tre kobber som et fisken.