Hopp til innhold

Banksjef valde å seie opp etter krangel med lokalpolitikarar

Banksjef i Aurland sparebank, Gunnar Sulen, valde å seie opp stillinga si brått etter krangelen i vinter med lokalpolitikarar i Aurland.

Gunnar Sulen

FORLOT BANKEN: Gunnar Sulen (innfelt) har valt å seie opp stillinga som banksjef i Aurland med svært kort frist. Gunnar Skahjem er midlertidig innsett som banksjef.

Foto: NRK / Aurland Sparebank / NRK

Styreleiar i Aurland Sparebank, Helge Indrelid, stadfestar at den opne krangelen mellom banksjefen og Høgre-politikar Monica Finden er årsaka til at banksjefen valde å slutte så brått i banken.

– Som kjend så var det nokre episodar med epostar med angrep på lokale politikarar og politiske parti. I eit så lite samfunn som Aurland så er dette vanskeleg. Ein balanserer på ei ganske stram line, ein må halde sine tankar og meiningar ganske for seg sjølv. Ein bør ikkje gå ut og ha meiningar om politikk eller politikarar, seier styreleiaren til NRK.no.

Finden var kritisk

Den markante Høgre-politikaren Monica Finden gjekk rett før påske ut i Sogn Avis og sa mellom anna følgjande i eit portrettintervju:

– Næringsutvikling blir ei av dei store utfordringane, då må ein kjenne lokalsamfunnet på kroppen. Difor er eg kritisk til at det i toppleiarjobbane i kommunen sit fleire med adresse andre stader i landet.

Ikkje opplevd maken

Dette fekk banksjefen i kommunen til å reagere sterkt og han sende epost til ordførar Noralv Distad, der han nærast ba ordføraren om å kneble sin partikollega Finden.

– Eg har aldri opplevd maken. Akkurat no har ikkje lyst til å kommentere dette vidare, ut over at det sjølvsagt er heilt uaktuelt for meg å etterkome noko krav frå banksjefen, sa Distad til avisa.

– Modnast hos banksjefen

No innrømmer styreleiar Helge Indrelid at striden mellom den politiske leiinga i Aurland og banksjefen er den direkte årsaka til at Sulen valde å seie opp stillinga si i banken med svært kort varsel.

– Det var eit litt uheldig utspel der som banken som sådan måtte ta avstand frå og som har utvikla seg frå før påske til no. Det har vel modnast hos banksjefen også at tilsetjingsforholdet burde bli avslutta. Han sa opp stillinga si og det er eigentleg ikkje noko dramatikk i det, seier Indrelid til NRK.no.

– Uheldig episode

Nestkommanderande i Aurland Sparebank, Gunnar Skahjem, er no sett inn midlertidig i stillinga som banksjef.

– Prosessen med å finne ny banksjef startar vi med rett over ferien. Det var ein uheldig episode, og livet inneheld mange uheldige episodar. Men dette vart kanskje ein kime som kanskje Sulen har tenkt igjennom og valt den løysinga som så førte til at han sa opp stillinga si, seier Indrelid.

Gunnar Skahjem ønskjer ikkje å kommentere tilhøve kring banken i media. NRK har forsøkt å få kontakt med avtroppande banksjef Gunnar Sulen utan å lukkast så langt.