Hopp til innhold

Badenymfene avsluttar året med eit skikkeleg energikick

– Det var heilt konge. Rett og slett heilt topp, sprudlar ei glad Wenche Gulestø Hermansen etter årets siste bad i sjøen.

Heilt sidan mai 2011 har Badenymfene i Florø bada i sjøen ein gong i veka. Og i år var det for tredje gong på nyttårsaftan. Med ein heller mild desember, var temperaturane i dag til å leve med.

SJÅ VIDEO: Dei kvikke og sprudlande badenymfene kastar seg ut i vatnet nyttårsaftan. Foto: Truls Kleiven

Badenymfene i Florø bada i sjøen for tredje gong på nyttårsaftan. Heilt sidan mai 2011 har dei bada ute ein gong i veka. Med ein heller mild desember, var temperaturane i dag til å leve med.

– Det var nesten godt og varmt. Eg trur det var om lag seks grader i sjøen og sju i lufta, fortel ho.

Menn våga seg med

I år var det 26 badenymfer i alderen 12 til 50 år som kasta seg i sjøen i Florø. Dei fleste damer, men ein gut og to menn våga seg med.

– Vi var mange vakre nymfer og mange fleire i år enn i fjor. Til vanleg brukar vi berre badedrakt, men på grunn av at det er nyttårsaftan og Kjippen i Florø i kveld, så kledde vi oss ut, seier ho.

Trur på god helse

Ho sjølv hadde på seg turkis kjole og raude strømper og ei handveske. På hovudet hadde ho ei maske slik at ho ser ut som ei 100 år gammal dame.

– Eg trur vi får god helse av å isbade. Vi held oss friske. Eg har drive med isbading i mange år og hugsar ikkje sist eg var sjuk.

Badenymfene held på med heilårsbading også fordi dei vil gjere noko kjekt i lag.

– Vi er ein kvikk og litt sprø gjeng som får energikick av å bade i det kalde vatnet. Vi kastar oss i vatnet og tek nokre symjetak før vi varmar oss på land, seier ho.

Badenymfene i Florø

SKÅLA ETTERPÅ: Etter å ha fått på varme klede, var det klart for litt champagne.

Foto: Truls Kleiven