Florø-Sogndal - publikum er klar - VENTAR STORINNTRYKK: Ekstra tribunar må til når Brann kjem på besøk neste veke. Her frå kampen mellom Florø og Sogndal i første runde i cupen. - Foto: Alf Vidar Snæland /

VENTAR STORINNTRYKK: Ekstra tribunar må til når Brann kjem på besøk neste veke. Her frå kampen mellom Florø og Sogndal i første runde i cupen.

Foto: Alf Vidar Snæland

«Alle» vil sjå Florø-Brann

Florø fotball har aldri opplevd ein så stor pågong etter billettar som etter at trekninga i 2. runde i cupen vart klar.

1. mai small cupbomba i kystbyen då laget knuste Sogndal 3–0 i første runde i NM-cupen. Det har vore hektisk dagar etter det blei kjend at Florø skal møte Brann torsdag.

Firdaposten skriv av fotballgruppa forventar om lag 2000 tilskodarar til cup-kampen. Det betyr ny folkefest i Florø og pengar i kassen for fotballgruppa.

– Vi har om lag 1500 seter, men vi skal også ta inn tribunen frå Florø idrettssenter som har plass til om lag 400, seier marknads- og økonomiansvarleg Øystein Hjertenes til avisa.

Under heimekampen mot Sogndal vart det selt billettar for 53 000 kroner, i tillegg til inntekter frå kiosksalet.

– Denne gongen blir det mykje meir, seier han.

Politiet applauderer forslaget om å kutta både i talet på politidistrikt og lensmannskontor. 
Men dei ser samstundes at sentraliseringa kan bli utfordrande...
Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.
Marius Vedvik slo ein 35 år gammal rekord på 5000 meter. Foto: Alf Vidar Snæland.