Hopp til innhold

– Så nær at det var nesten skummelt

Ulla Foss og Anders Pihl fekk ei naturoppleving av dei sjeldne på Dalsfjorden.

Created by InfoDispatcher

VED DALSFJORDBRUA: Spekkhoggarane hadde teke turen inn til det nye landemerket i Dalsfjorden.

Dei skulle krysse fjorden mellom Dale og Fossevika då fire spekkhoggarar dukka opp - ikkje langt frå Dalsfjordbrua.

– Dei kom veldig nær, det var nesten litt skummelt, eg såg det kvite på buken . Det var ulik storleik på dei, ein av dei var veldig stor, ein annan var mykje mindre, sikkert ein unge, fortel Ulla Foss.

Både ho og Anders Pihl brukte mobilen flittig både til å ta foto og video av dei store og flotte sjøpattedyra.

Spekkhoggarar i Dalsfjorden

STOR OPPLEVING: Ulla Foss og Anders Pihl fekk ein flott tur på Dalsfjorden.

Foto: Anders Pihl

I Framfjorden og Førdefjorden

Dei er ikkje dei einaste som har sett spekkhoggarar i Sogn og Fjordane dei siste dagane. Laurdag viste ein flokk seg i Framfjorden i Sogn.

Og måndag var ein flokk i Førdefjorden med mange skodelystne på land i Vevring, mellom anna ungane i barnehagen.