Hopp til innhold

- Dette er ein draum som har blitt verkeleg

Konsertane med Kringkastingsorkesteret og lokale artistar i Operahuset på Nordfjordeid er for mange ein draum som har blitt verkeleg. Prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK seier det er lite som kan toppe dette.

– Det har vore vanskeleg å sjå føre seg korleis dette skulle bli, men eg hadde jo ein draum. Det vi har fått til overgår alle mine draumar og meir enn det. Det er så fint, seier Sjursen Takle laurdag ettermiddag.

– Det rann ein del tårer nedover kjaken min under den første konserten i går legg han til.

Fredag kveld spelte Kringkastingsorkesteret (KORK) for aller første gong i Sogn og Fjordane. Det skjedde i Operahuset Nordfjord saman med ei rekkje lokale artistart, både etablerte og unge lovande. Sjursen Takle seier det var ei stor oppleving.

– Når du har jobba så lenge med eit prosjekt, og jobba så mykje med noko, så er det veldig stort å sjå resultatet av det på scena, seier han.

Ein del av fylkesfeiringa

KORK-besøket skal markere slutten på Sogn og Fjordane si feiring av sine første 250 år. Feiringa kulminerer i tre konsertar med lokale artistar og Kringkastingsorkesteret (KORK) i Operahuset Nordfjord.

Det er eit knippe av dei beste artistane frå Sogn og Fjordane som får framføre musikken sin i versjonar som aldri før har blitt presentert. Tone Damli, Eva & The Heartmaker, Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-Erik Lothe og Good Time Charlie er nokon av artistane som skal vere med.

Konsertane, med over 2500 tilgjengelege billettar, er for lengst utselde. Fredag kveld gjekk den første konserten av stabelen, før det blir to konsertar til laurdag, klokka 16 og klokka 19.

NRK skal produsere TV-program av konsertane. Det blir sendt på NRK1 fredag 13. desember kl. 20.05 og reprise i romjula.

(Artikkelen held fram under)

KORK-konsert på Nordfjordeid

FULLE HUS: KORK-konsertane på Operahuset Nordfjord har selt til fulle hus.

Foto: Øystein Torheim

– Ei fantastisk oppleving

Også orkestersjef i KORK, Rolf Lennart Stensø er svært godt nøgd med den første konserten.

– Det var ei fantastisk oppleving, det må eg seie. Det er veldig stort å få sjå resultatet av det vi har jobba med så lenge, å få sjå det verkeleggjort og sjå at det fungerer, seier han.

Han seier samspelet mellom dei lokale artistane og Kringkastingsorkesteret furnerte svært bra, og at responsen frå publikum var berre positivt. Stensø trekkjer også fram viktigskapen av at programmet dei framførte var lokalt forankra.

– Det er noko som er viktig, at vi klarar spegle staden her, seier han.

– Folk klappa før songane var ferdige

Ein av dei folkekjære artistane som fekk spele med KORK for aller første gong er Olav Stedje. Stensø seier det var stort å få spele saman med songaren og låtskrivaren frå Sogndal for første gong.

– Eg måtte spørje han om han ikkje hadde spelt med Kringkastingsorkesteret før, og det hadde han ikkje. Å få gjere ein konsert med han for første gong, det var stor stas, seier orkestersjefen.

Han seier det på alle konsertar er spennande å sjå responsen frå publikum.

– Når vi spelar er vi alltid audmjuke og prøver legge til rette kvar einaste konsert slik at vi treff nervane hos publikum, men vi veit aldri om vi får det til på førehand, seier Stensø og held fram:

– Gleda ved å sjå responsen frå publikum er like stor kvar gong, og i går klappa dei før vi var ferdige med låtane. Det var ei stor glede, seier han.

– Det er verdt alt arbeidet

Prosjektleiar for KORK-arrangementet, Stian Sjursen Takle, set også svært stor pris på tilbakemeldingane frå publikum.

– Etter konserten i går sprang eg ut i foajeen slik at eg kunne vere der å snakke med publikum.

– Eg har aldri fått så mange gode og varme klemmar frå folk eg ikkje kjenner, så det var eit lite eventyr. Og for meg er det kjekkaste å sjå at dette har vore ei stor oppleving for dei som har kome for å sjå og høyre på, seier Sjursen Takle.

– Då er det verdt alle dei timane med arbeid som er lagt ned, seier han.

Tone Damli og Stian Sjursen Takle

TONE PÅ KONSERTEN: Tone Damli var med på dei to konsertane laurdag. Her saman med prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK.

Foto: Øystein Torheim