Hopp til innhold

– Neda og familien har det tøft og vanskeleg

Neda og familien har det tøft og vanskeleg i Jordan. Neste torsdag får dei besøk frå Norge.

Dima, Zoher og Neda Ibrahim - våren 2012.

Dima, Zoher og Neda Ibrahim. Bilete er tatt våren 2012, før familien blei sendt til Jordan.

Foto: Tine Poppe

– Eg veit at dei ikkje har det veldig bra. Dei har fått ein plass å bu, men barna har det einsamt og vanskeleg, seier leiar i støttegruppa for Neda, Heidi Bjerga.

Ho fortel at barna i familien prøvde seg på sommarskule, men at dei slutta på grunn av språkproblem og vanskar med å komma i kontakt med andre. For faren er det vanskeleg å skaffa seg jobb.

Les også: Familien til Neda (11) går til rettssak for å få bli i Norge

Skal førebu familien på rettssaka

Neda Ibrahim

Ned Ibrahim.

Foto: Tine Poppe

Neda og familien fekk mykje merksemd i media tidlegare i sommar då dei blei sendt ut av landet etter ti år i Norge.

Familien har fått avslag på asylsøknaden, og faren er sikta for å ha oppgitt feil identitet til styresmaktene. Mange reagerte på måten dei blei sendt ut av landet på og at det skjedde like før tingretten skulle vurdera utvisingsvedtaket.

22. august reiser familiens advokat, Arild Humlen, til Jordan for å førebu familien

Heidi Bjerga

Heidi Bjerga.

Foto: Stig Marlon Weston / SV

på rettssaka i oktober. Bjerga i støttegruppa og psykiater Aina Vaage er med i reisefølgjet.

– Me vil få avklart ein del faktisk forhold knytt til sjølve tvangsreturen, konsekvensane av at dei blei sende til Jordan, i tillegg til å inngå avtalar med ambassaden knytt til partane sine forklaringar når saka kjem opp i tingretten.

– Veit du korleis familien har det i dag?

Utan at eg skal førehandsprosedera saka, kan eg seia at dei har betydelege utfordringar og problem der dei er nå, seier advokat Humlen.

Les også: Barneombudet: - Hjerterått å sende ut Neda

Får ikkje reisa til byen der familien bur

Arild Humlen advokatforeningen

Advokat Arild Humlen.

Foto: NRK

Ifølgje Heidi Bjerga bur familien i ein leigd leilegheit i byen Irbid i Jordan. Men når det norske reisefølgjet skal møta dei neste torsdag skjer det i byen Amman. Det er nemleg for farleg å møta dei i Irbid.

– Det er eit ganske kritisk moment at me ikkje kan reisa til staden der dei norske styresmaktene har sendt våre barn. Me blir ikkje tilrådd å reisa der dei bur til vanleg, seier Bjerga.

Psykiater Aina Vaage har følgd Neda og familien lenge og skal vurdera korleis dei har det i Jordan.

Hovudforhandlingane i saka tek til i Oslo tingrett 29. oktober. Bjerga er trygg på at familien får komma heim igjen til Norge.

– Både når me ser kva dei er sendt ut til og det faktum at dei har budd ti år i Norge, bør det vera godt nok grunnlag for å få komma heim igjen.

Les også: Åpner for å hente Neda tilbake

Video Asylbarn sliter

Sjå TV-reportasje om Neda (arkiv).