Hopp til innhold

Vil ikkje ha gaupefrie område

Den regionale rovviltnemda seier nei til ei ordning med gaupefrie område for sau.

Gaupe med unger

Gaupe med ungar i Langedrag villmarkspark i Buskerud.

Foto: Forsberg, Espen / SCANPIX

Rovviltnemda meiner at gaupefrie soner vil auke rovdyrplagene i andre delar av regionen.

Les også: Vil skyte flere gauper

Telemark Bondelag og Telemark sau og geitalslag vil ha ei ordning med gaupefritt beite i eit område i Fyresdal, Valle, Bykle og delar av Tokke, Kviteseid og Vinje.

Pålagt gaupeynglingar

Jørund A. Ruud.

Jørund A. Ruud.

Foto: Anne Cathrine Syversen / NRK

– Vi er skuffa, for vi hadde håpa dette kunne blitt eit forsøksområde, seier Kjell A. Sølverød i Telemark Bondelag.

Sølverød seier det er eit lite område mot Region 1 som er ynglefritt for dei fire store rovdyra, og meiner det hadde vore eit fint område å prøve det ut på.

Leiar i Den regionale rovviltnemnda, Jørund A. Ruud, seier at eit slikt gaupefritt område inneber at det ville blitt drive intens jakt for å få gaupebestanden ned.

Vi er pålagt å ha tolv årlege ynglingar i vår region, og dette ville føre til at gaupeplaga ville bli større i andre delar av regionen, seier Ruud.

Sterke signal

Vedtaket om å seie nei til eit gaupefritt område i Region 2 blei gjort mot ei røyst i Den regionale rovviltnemnda. Råda frå faglaga spriker.

Det er særleg i Øvre Telemark sauebøndene ivrar for å prøve ut ei slik ordning der gaupa skal fjernast frå enkelte beiteområde.

Jørund A. Ruud seier faglaga har vore konstruktive samtalepartnarar heile tida, og forstår at sauebøndene ser skuffa.

Kjell Sølverød

Kjell A. Sølverød.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Men summen av signal var så sterkt negative at det blei utslagsgivande, seier Ruud.

Les også:

Bondelaget er skuffa

Telemark Bondelag er skuffa over vedtaket i den regionale rovviltnemnda for region 2.

Delar av dette området kan sauen bli nekta å beite på grunn av gaupe, og då tenkjer vi at noko må gjerast, seier Sølverød.

Bondelaget meiner området eignar seg godt som gaupefritt prøveområde.

Då tek ein eit område som er sterkt utsett for at gaupe tek sau på beite. Og ved å ta ut mykje gaupe her, så vil det også ha effekt på områda rundt, seier Sølverød.