Hopp til innhold

Slik blir Bok- og blueshuset

Det nye kulturhuset på Notodden reiser seg nå nede ved vasskanten i byen.

Bok- og blueshuset på Notodden

Bok- og blueshuset på Notodden tar form.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Et halvår før Bok- og blueshuset skal opne, er det hektisk aktivitet på byggeplassen. Nede ved vasskanten har skalet reist seg, og kultursjef Terje Malm likar det han ser.

– Vi syns det ser heilt fantastisk ut og vi gler oss til å flytte inn, seier kultursjef Terje Malm.

Les også:

Kulturskule med utsikt

Kulturskulen får denne utsikten.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Starten på ein ny bydel

Bok- og blueshuset skal ha både bibliotek, kulturskue, kino, konsertscene, kafe, turistinformasjon og eit eige bluesmuseum.

Huset byggast på den gamle jernverkstomta og skal koste dryge 160 millionar kroner.

Bok- og blueshuset på Notodden under bygging

Bok- og blueshuset på Notodden under bygging

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Dette er starten på ein ny bydel i Notodden. Dette er den beste tomta byen, med utsikt over Heddalsvatnet, legg Malm til.

Opning i desember

Planen er at bygget skal stå ferdig i desember. Det er mykje arbeid som gjenstår inne før opninga, fortel prosjektleiar Olav Berget.

– Vi skal gjere ferdig alle etasjane oppover, og i tillegg er det planting og alt det som skje ute, forklarar Berget.

Prosjektleiaren forsikrar at huset vil bli ferdig i tide til opninga i desember.

Takterrassen på Bok- og blueshuset

Takterrassen på Bok- og blueshuset.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark