Hopp til innhold

No er Oslo den dyraste byen på planeten

Den sterke krona gjer at tigerstaden kuppar førsteplassen frå Tokyo. Like bak følgjer Stavanger.

Tjuvholmen, Oslo, The Thief hotell

Den nye bydelen Tjuvholmen er kanskje den dyraste delen av Oslo, som no altså er verdas dyraste by.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Etter å ha toppa lista i tre år, kan ikkje den japanske megabyen Tokyo lenger kalle seg verdas dyraste by. Oslo har i fleire år vaka i toppsjiktet av rangeringa, men no er det altså ingen andre byar i verda der det svir meir på pungen enn i den norske hovudstaden.

Interessant er det også at dei siddisane i Stavanger no kan kalle seg innbyggjarar av verdas tredje dyraste by, opp frå ein femteplass i fjor.

(sjå tabell nedst i saka)

Det er vel heller lite oppsiktsvekkjande kva konsulentfirmaet ECA International legg til grunn for å forklare at Noreg no har to av dei tre dyraste byane i verda.

Olje og kronekurs

– Noreg er blant dei som har høgst levestandard i verda, noko som i hovudsak skuldast oljeinntekter. Sjølv om prisane ikkje har stige mykje det siste året, så har krone halde seg sterk, noko som reflekterer stabiliteten i økonomien, skriv firmaet.

Rangeringa vert laga på bakgrunn av inflasjon, valutakurs, prisen på typiske varar og tenester for turistar og leieprisar. ECA lagar rangeringa som ein guide til arbeidarar som vurderer å jobbe i eit anna land.

Luanda

Stadig fleire fattige må vike plass for nye luksusbustader i Luanda i Angola. Byen kjem på andreplass i rangeringa.

Foto: ALEXANDER JOE / AFP

Ein britisk «expat» som jobbar i oljeindustrien seier til avisa Telegraph at prisane er med på å skremme han vekk frå å jobbe i Noreg.

– Som tilsett i oljeindustrien kjem Noreg kjem ofte opp som eit mogleg land å arbeide i. Men Noreg har høge skattar, det er svært kaldt og var allereie dyrt for utlendingar. For meg er Midtausten eit mykje meir attraktivt alternativ.

Japan på «billigsal»

I Tokyo er det varmare – og billigare. Dei japanske storbyane har opplevd eit markant fall på rangeringa, mykje på grunn av at yenen er blitt kraftig devaluert av den japanske sentralbanken. I fjor var fire japanske byar på topp 10-lista, i år er det berre Tokyo, som hamnar på sjetteplass.

Medan asiatiske byar går nedover på lista, har byar i Afrika gått andre vegen. Fire av dei 20 dyraste byane ligg no i tidlegare europeiske koloniar i Afrika. Luanda i oljerike Angola har klatra til ein andreplass, men byen kom på førsteplass på den same lista i 2009.

Brukbare leilegheiter med innlagt vatn og elektrisitet kosta i 2009 nærare 100.000 kroner i månaden i Luanda, og eit heilt vanleg måltid kunne koste meir enn 650 kroner.

Dei dyraste byane i verda, 2013

Land

By

2013-


rangering

2012-


rangering

Norge

Oslo

1

2

Angola

Luanda

2

4

Norge

Stavanger

3

5

Sør-Sudan

Juba

4

45

Russland

Moskva

5

13

Japan

Tokyo

6

1

Sveits

Zurich

7

9

Sveits

Geneve

8

7

Sveits

Basel

9

11

Sveits

Bern

10

10

Papua Ny-Guinea

Port Moresby

11

15

Danmark

København

12

14

Japan

Nagoya

13

3

Sør-Korea

Seoul

14

29

Sverige

Stockholm

15

22

Ekspander/minimer faktaboks