Det var personar som støttar den internasjonalt anerkjende presidenten Alassane Outtara som skaut mot helikopteret, ifølgje FN sine fredsstyrkar i det vestafrikanske landet (UNOCI).
Åtaket skjedde medan det var på eit rekognoseringsoppdrag over Duekoue, der det i går blussa opp harde kampar mellom Outtara-tilhengarane og folk som støttar den sitjande presidenten, Laurent Gbagbo.
I tillegg har opprørarar som held med Gbagbo drepe ti personar i Abidjan, og gått til åtak på fleire FN-soldatar, opplyser UNOCI.
- BAKGRUNN: Spørsmål og svar om Elfenbenskysten
– Krigsforbryting
Situasjonen i Elfenbeinskysten har vore svært uroleg etter presidentvalet i fjor haust. Outtara er peikt ut av verdssamfunnet som den rettmessige vinnaren av eit presidentval som var sterkt prega av fusk. Gbagbo nektar likevel å gå av, og landet har dei siste månadene vore på randen av borgarkrig.
Det vert stadig rapportert om åtak på FN-styrkane, også kalla «blåhjelmane» i Elfenbeinskysten. UNOCI fordømmer åtaka, og kallar det ei krigsforbryting.
– Me gjentek atter ein gong at FN-styrkane er upartiske. UNOCI tilrår på det sterkaste at partane kjem til ei løysing på konflikten som raskt kan setja ein stoppar for overgrepa mot det ivorianske folket, heiter det i ei kunngjering tysdag.
- LES OGSÅ: Ber FN gripe inn og bruke makt
Tek by etter by
Tysdag har styrkar lojale mot Outtara teke kontrollen over nok ein by, den sjette sidan midten av februar. Den austlege byen Bondoukau er siste by på erobringslista.
– Det var kampar i byen i dag tidleg. Dei marsjerer no rundt i byen og losnar skot i lufta, seier ein innbyggjar i byen til nyheitsbyrået AFP.
FN er svært uroa over situasjonen i Elfenbeinskysten, og har utarbeidd eit forslag til ein ny resolusjon som styrkar mandatet til dei fredbsbevarande styrkane i landet.