Hopp til innhold

20 år sidan Lockerbie

21. desember for 20 år sidan gjekk terroralarmen i skotske Lockerbie. På himmelen over den vesle byen eksploderte eit passasjerfly på veg frå London til New York. Libya fekk skylda, og det nordafrikanske landet blei stengt ute frå den internasjonale arenaen i lang tid.

Deler av Pan-Am-flyet som styrtet i Lockerbie i 1988.
Foto: AP

Pan Am si flyging nummer 103 - ein Boeing 747 jumbo jet - var på veg frå Frankfurt, via London, til New York.

Alle dei 259 om bord døydde som følgje av flybomba, i tillegg til 11 innbyggjarar i Lockerbie.

Kraftig eksplosjon

Flyet gjekk i oppløysing i lufta over den skotske småbyen, og delane spreidde seg over eit stort område. Enkelte delar hamna heile 130 km unna hovudnedslagsfeltet.

Video nsps_upload_2008_12_18_13_12_39_603.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Video: Sjå Dagsrevyen for 20 år sidan.

I Lockerbie blei 21 hus øydelagde, og nedslaget var så kraftig at det slo ut på Richters skala. Ei av flyvengene danna eit 47 x 59 meter stort krater i utkanten av byen.

Pan Am flyet som eksploderte over Lockerbie

Pan Am-flyet som eksploderte over Lockerbie laget et gigantisk krater i den litle byen.

Foto: MARTIN CLEAVER / AP

Det som utløyste eksplosjonen var sprengstoff i ein koffert, lasta om bord i Frankfurt.

Libya fekk skylda

Tysk, britisk og amerikansk etterretning slo fast at bomba var planta på flyet av to libyarar, på oppdrag frå den libyske overvakingstenesta.

Aksjonen skal ha vore hemn for amerikansk bombing av libyske mål i 1986.

Forholdet mellom Libya og den vestlege verda har vore dårleg sidan flybomba over Lockerbie, og økonomiske sanksjonar sette i verk av FN ramma det nordafrikanske landet hardt.

Ein i fengsel for bomba

Etter ei lang tautrekking med Libya blei to mistenkte gjerningsmenn utleverte og stilte for retten i Nederland.

I 2001 fekk ein livstidsdom, den andre blei frikjent.

Fleire har likevel tatt til orde for å sleppa den dømde gjerningsmannen, Abelbaset Ali Mohmed Al Megrahi, fri. Førebels utan hell.

Tidlegare denne månaden uttalte ein prest frå Lockerbie at Al Megrahi er uskyldig, og at han bør sleppast fri, også med tanke på hans liding av prostatakreft.

Møter krava frå Vesten

I 2003 tok Libya det sivile ansvaret for bombinga, og det blei inngått ei erstatningsavtale mellom Libya og dei pårørande etter Lockerbie-tragedien.

Sanksjonane frå det internasjonale samfunnet blei oppheva 12. september 2003, og for to år sidan avslutta Libya masseøydeleggingsvåpensprogrammet, noko som førte til at USA tok opp den diplomatiske kontakten med landet att.

For to månader sida kom det fram at Libya hadde betalt 1,5 milliardar dollar til erstatningsfondet for ofre og pårørande etter terrorangrepet.

Les også: Libya betaler erstatning til terrorofre

Dette gjorde at president George W. Bush ringte leiaren i Libya, Muanmar Gaddafi, og uttrykte si velnøye. Og, det var første gong ein amerikansk president snakka med den libyske leiaren på fleire tiår.

SISTE NYTT

Siste nytt