Hopp til innhold

Arkeologi som politisk våpen

Jødiske busettarar tek over Aust-Jerusalem. Dei grunngjev dette med tvilsame arkeologiske funn.

Aust-Jerusalem
Foto: AHMAD GHARABLI / AFP

Å gjere palestinsk Aust-Jerusalem meir og meir jødisk er ein bevisst politikk frå israelske myndigheiter si side. Målet er å gjere det umuleg å dele Jerusalem. Religiøse jødar har difor den siste tida kjøpt opp eigedomar midt i arabiske bydelar.

Dette gjer livet til den palestinske befolkninga vanskeleg, seier NRK sin Midt Austen korrespondent, Sidsel Wold, som nyleg besøkte eitt av dei råka nabolaga.

På historisk grunn

Den palestinske bydelen Silwan i Aust Jerusalem ligg i skråninga rett under gamlebyen i Jerusalem. Rett ovanfor skråninga står Al Aksa moskeen, og opptek plassen der jødane sitt siste tempel sto for 2000 år sidan.

Enkelte jødiske arkeologar meiner no at den jødiske kong David, som styrte det bibelske kongedømmet Israel, budde i silwanskråninga for 3000 tusen år sidan.

Men dei fleste seriøse arkeologane tviler på denne teorien.

For i Jerusalem, der heilage personar som Jesus, profeten Mohamed og jødiske kongar har vandra, er ikkje arkeologi vitskap, men storpolitikk og propaganda.

Arkeologar i spissen for jødisk invasjon i Aust-Jerusalem

Den jødiske busettarorganisasjonen ELAD, som er støtta av den israelske staten, har kjøpt og trua til seg hus og tomter i Silwan og betaler arkeologar for å grave frem bevis som knyter jødane til plassen.

Les meir: Byen til David

-Men ingen arkeolog vil innrømme at han har ein politisk agenda, seier den israelske Arkeologen Rafael Greenberg. Han arrangerer turar som motvekt til ELADs politiske versjon.

-Folk byrja å ta busettarane sin versjon på alvor, noko vi seriøse arkeologar må imøtegå.

Og dessutan høyrer folk ingenting om korleis utgravingane og busettarane uroar den palestinske lokalbefolkninga, seier Greenberg.

Tolkar alle funn som jødiske

Nede i skråninga ligg ruinen av eit 3000 år gammalt hus. Her forklarar Greenberg korleis arkeologane til ELAD tolkar alle funn i eit jødisk perspektiv.

-Sidan huset har noko so sjeldan som utedo veit vi at ein rik familie budde her, seier Greenberg. Men om huset tilhørte Kong David er derimot svært usikkert.

Men at ingen kan motbevise det, held lenge for busettarorganisasjonen.

Dei meiner eit bibelsitat er bevis nok. -Dei freistar å få tvilarane på si side, seier Rafel Greenberg.

No har busetterne endra namnet på øvste delen av Silwan til Davids by. Og palestinarane fortvilar over at hovudgata er omdøypt.

Fortvila palestinarar

-No er gata kalla Øvre Davids by, medan den før var oppkalla etter mor mi si tante,som vart myrda under britisk styre, seier Jawwad Siam, som er fødd i Silwan.

Han fortvilar over trakasseringa frå busettarane, som har innført nye reglar i nabolaget. Til dømes stenger jødane gatene på jødiske heilagdagar og under sabbaten. Då får ikkje palestinarane lov til å køyre bil.

-Eg får ikkje køyrt borna til barnehagen, seier Jawwad.

Splittar nabolaget

Dessutan skapar jødane splid mellom familiane i nabolaget. -Dei kallar inn folk kvar for seg og overtalar dei til å selje land og hus, seier Jawwad.

Fordi Silwan er eit fattig nabolag, med 60 % arbeidsledige, er det freistande å selje når oppkjøparar slenger koffertar fulle av setlar på bordet.

Det straffar seg å selje.

Ein palestinsk far til åtte selde huset sitt på toppen av Oljeberget. Straks vart det reist eit israelsk flagg som vitna om jødisk imperialisme midt i palestinske Aust-Jerusalem.

Få dagar seinare vart mannen funnen i Jeriko, torturert og brent til døde.

Busetterne vil fordrive palestinarane frå Silwan

Jødiske busettarar går og hardt til verks mot dei som ikkje vil selje. 88 huseigarar har nyleg fått varsel om at husa skal jevnast med jorda. Fleire hus er allereie øydelagde for å bane veg for ein turistpark for jødisk historie i det arkeologane meiner var kong Davids hage for 3000 år sidan.

-Om parken blir bygd, vil hundrevis av folk bli kasta ut av heimane sine, medan jødane tek over, fortviler Jawwad.

SISTE NYTT

Siste nytt