Hopp til innhold
Mann som ser på skolekart over Norge. Med boblejakke og sekk på ryggen.

Norsk flyktning- og asylpolitikk

Oppsummert

Over 40.000 mennesker søkte beskyttelse i Norge i fjor. Det er nesten 10.000 flere enn i forrige toppår, 2015.

  • Krev ekstraordinært kommunestyremøte etter omstridd flyktningvedtak

    Åtte lokalpolitikarar i Fitjar, frå partia KrF, Ap og Sp, krev no ekstraordinært kommunestyremøte om flyktningvedtaket tidlegare i år, skriv Stord24.

    Då vedtok nemleg eit fleirtal i kommunen å berre ta i mot ukrainske flyktningar, det same som Drammen kommune gjorde. Men Statsforvaltaren i Oslo og Viken har konkludert med at vedtaket i Drammen er ugyldig.

    Opposisjonspolitikarane på Fitjar meiner kommunen ikkje kan ha eit vedtak som bryt med lova, ifølgje Stord24.

  • Ber norske styresmakter endra retningslinjer

    Advokat Trygve Tveter meiner norske styresmakter må hjelpa personar med norsk opphaldsløyve ut frå Gaza. Bakgrunnen er saka til palestinske Jaber Yaghi, som har kone og to barn med norsk statsborgarskap i Noreg. Han kjem seg ikkje ut av Gaza, og norske styresmakter seier dei ikkje kan hjelpa han.

    – Med bakgrunn i denne enkeltsaka meiner eg styresmaktene bør/må setta i verk ei snarleg endring av innhaldet i gjeldande instruks frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Ein krigsskadd far og ektefelle til norske borgarar som er innvilga opphaldsløyve, skal hjelpast med utreise frå Gaza og innreise til Noreg, skriv Tveter i eit brev til justis- og beredskapsdepartementet.

    Vanessa Yaghi med døtrene Ayla og Asya
    Foto: Eli Bjelland / NRK
  • Familien Yaghi får ikkje hjelp til utreise frå Gaza

    Norske styresmakter vil ikkje hjelpa Jaber Yaghi ut av Gaza og til Noreg. Kona Vanessa Yaghi og dei to døtrene deira er norske statsborgarar, og bur på Stord. I førre veke fekk han innvilga familiegjenforeining og mellombels opphaldsløyve i Noreg. Men det kan bli vanskeleg å koma hit.

    – I tråd med vårt konsulære ansvar har me bistått norske borgarar, utanlandske borgarar som er busette i Noreg, og nære familiemedlemmer med gyldig opphald i Noreg som reiser saman med desse, med assistert utreise. Norske styresmakter kan dessverre ikkje tilby den same bistanden til andre utanlandske statsborgarar, skriv Utanriksdepartementet til NRK.

    Så langt har UD hjelpt rundt 300 norske borgarar og personar med tilknyting til Noreg med utreise frå Gaza.

    – Det har vore og er svært krevjande å få personar frå Gaza over grensa til Egypt.

    Vanessa Yaghi saman med døtrene Ayla (3) og Asya (2)
    Foto: Eli Bjelland / NRK
  • Bombeskadd familiefar i Gaza vil til kona og borna på Stord

    Trygve Tveter, advokaten til Jaber Yaghi, sende i dag omgjeringsbegjæring til Utlendingsnemnda.

    Yaghi har fått avslag på familiegjenforening med kona og dei to døtrene sine som er norske statsborgarar busette på Stord.

    – Han lir no under eit umenneskeleg
    tilvære. Den stadig meir umenneskelege situasjonen i Gaza er nå så allment kjent at eg oppmodar Utlendingsnemnda til å utøve den største fleksibilitet og engasjement for å sikre hans liv og moglege samliv
    med den vesle familien sin i Noreg, skriv Tveter.

  • Har kjempa lang kamp – no får ho bli i Noreg

    Iranske Awa Rahimpour, som i lang tid har budd på eit asylmottak på Stord i uvisse om framtida, får no bli i Noreg i fem år. Det skriv avisa Sunnhordland.

    Denne veka fekk ho nemleg beskjed om at ho får asyl, og opphaldsløyve i 5 år. Deretter kan ho søkja om permanent opphaldsløyve og norsk statsborgarskap.

    –Det er nesten sånn at eg ikkje trur på det enno, seier ho til avisa.

    Både lokalsamfunn og politikarar har engasjert seg i hennar kamp.

    Awa Rahimpour
    Foto: Olav Røli / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no