Hopp til innhold

Juksar seg til gode karakterer – ingen tek ansvar

År etter år juksar norske vidaregåandeelevar seg til god nynorskkarakter på eksamen. Alle er klar over problemet, men lite vert gjort.

Elev med data

Det er eit utbreidd fenomen å jukse seg til god karakter ved å bruke dataprogrammet «Nyno.»

Foto: Jean-Marc Loos / PHOTOPQR/L'ALSACE

Gjennom omsetjingsprogrammet «Nyno» kan elevar jukse seg til god karakter i nynorskeksamen ved å omsetje ein tekst frå bokmål til nynorsk.

Ein kan kjøpe programmet på nettet for rundt 400 kroner. Mange elevar lastar òg ned programmet via ulovlege nedlastingssider, og deler det fritt med medelevar.

NRK.no skreiv først om saka for meir enn to år sidan. Sidan den gongen er svært lite gjort med juksinga.

Mathias Midbøe (20) har gått ut av Asker vidaregåande skule. Han juksar ikkje sjølv, men fortel om utbreidd bruk av omsetjingsprogrammet hos andre elevar.

– Eg reknar med at det er fleire i kvar klasse som brukar det.

Skulen hans sa i frå på førehand om at omsetjingsprogram ikkje er lov. Men problemet er at ingen handhevar det.

Midtbøe meiner det er alvorleg at ingen tek ansvar for problemet.

– Eg synest det er veldig alvorleg at folk får lov til å jukse. Det verkar nesten som om dei ser bort i frå det med vilje.

– Det er jo svært trist for dei som ikkje nyttar det. Det kan hende at dette er den avgjerande karakteren for om ein kjem inn på eit studium eller ikkje.

Ein annan elev NRK.no har prata med, som ønskjer å vere anonym, seier at det er svært lett å oppnå god karakter ved å bruke programmet.

For dårlege rutinar

Rektor ved Asker vidaregåande skule, Wenche Engen Hanevik, vedgår at dei ikkje har gode nok rutinar på å hindre folk frå å bruke programmet.

– Det er jo slik at norsklærarane og sensorane kjenner til dette programmet. Men det er ei utfordring å handheve dette. Me informerer vaktene om at dei må sjå etter om elevane skifter vindauge ofte. Det vil vere ein måte å sjå om ein går inn eller ut av eit program som ikkje skal brukast.

Men Mathias meiner dette er ei altfor lettvint løysing.

– Eg har aldri opplevd at dei har sjekka datamaskinar. Det er ofte eldre folk som er eksamensvakter, og datakompetansen deira er ikkje akkurat så veldig høg.

– Ingen bryr seg

Leder for Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen

Gro Elisabeth Paulsen i Norsk Lektorlag meiner skulane har vore for ivrige i moderniseringsprosessen, og dermed gløymd konsekvensane.

Foto: NRK

Leiar i Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen, fortel at dei har teke opp problemstillinga med Utdanningsdirektoratet i over ti år, utan at noko har blitt gjort.

– Me har prøvd å ta denne saka opp gang på gang, både med direktoratet og med kunnskapsminister Kristin Halvorsen. Dei viser berre til kommunane.

– Problemet er at det ikkje finst datakyndige personar ved skulane. Dei har ikkje praktisk moglegheit til å gjennomføre kontroll, og det er det ingen som bryr seg om. Det er svært kritikkverdig at dette skjer år etter år.

– Kvifor er det ingen som gjer noko?

– Det er eit sterkt ønske i norsk skulle å modernisere eksamensordningane for einkvar pris, utan først å ta ein konsekvensanalyse og gjennomgå kva som krevst for å hindre juks.

Utdanningsdirektoratet er klar over problemet, men har inga enkel løysing på korleis ein skal unngå det i framtida.

– Me er veldig klar over problemet. Men det er eit lokalt ansvar å sikre at reglane for eksamen vert følgde. Men me har tenkt å sjå nærare på problemstillinga og andre ting knytt til juks, og sjå om me kan gjere noko meir konkret i høve til råda me kan gi, seier avdelingsdirektør Siv Lindstrøm.

– Har de planar om å lage retningslinjer til skulane for korleis dei skal avsløre denne type juks?

– Me har ikkje konkrete planar om dette. Skuleeigarane og fylka har valt veldig ulike tekniske løysingar. Så det me må prøve å gjere er å vise eksempel og råd om korleis ein skal unngå det.

– Ansvarsfråskriving

Sylfest Lomheim

Tidlegare språkdirektør Sylfest Lomheim meiner det ikkje er noko nytte i berre å seie «dette her er ikkje lov.»

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Tidlegare språkdirektør, Sylfest Lomhei, trur juksinga er eit teikn på ansvarsfråskriving i utdanningssektoren.

– Dette er eit typisk problem. Det er i dei siste åra blitt svært mykje ansvarsfråskriving i skuleverket. Sannsynlegvis er det kome så langt at det er ingen som orkar å ta tak i det.

– Kunnskapsdepartementet viser til Utdanningsdirektoratet. Dei seier at ansvaret ligg i fylkeskommunane og kommunane. Vender du deg dit seier dei at dette er den enkelte rektor og skule som har ansvar for. Så viser rektor vidare til lærarane, som igjen svarar at dei berre må halde seg til dei hjelpemiddela som finst, og viser til private aktørar. Slik går det i ein evig sirkel.

Lomheim meiner det er naivt å tru at det å fortelje at det er juks, vil løyse problemet.

– Alle som kjenner ungdommar veit at dersom dei har høve til å gjere det enklare for seg sjølv så gjer dei berre det. Det kan ein knapt kritisere dei for.

Den erfarne språkmannen trur det er vanskeleg å gjere noko med problemet slik skuleverket er bygd opp i dag.

– Dette er eit spørsmål som er for omfattande og prinsippielt til å liggje på den enkelte rektor. Alt dette må takast opp på eit høgare nivå. Ingen er tent med slik situasjonen er i dag.

AKTUELT NÅ