Hopp til innhold

Politihelikopteret ute av drift

Trass i at Noreg vart ramma av terror i sommar, har politiet på nytt sett helikopteret sitt på bakken. Dette på grunn av teknisk vedlikehald.

Politihelikopter (arkivfoto).
Foto: Kvale, Jens O. / SCANPIX

Helikopteret blir ståande på bakken i ei og ei halv veke. Det er ikkje sett inn noko anna helikopter for å erstatte politihelikopteret.

Det har vore retta kritikk mot politiet for manglande helikopterberedskap 22. juli, då terroren ramma.

Korkje Oslo politidistrikt, Politi-direktoratet eller Justisdepartementet vil kommentere saka.

AKTUELT NÅ