Hopp til innhold

Hareide: – Vil kjempe som ei løve

Knut Arild Hareide seier han er motivert for å ta på seg leiaransvaret i Kristeleg Folkeparti. – Eg vil kjempe for dei som treng det mest, seier han.

Video Hareide forteller om lederkandidaturet i Morgennytt

– Eg har hatt behov for å tenke gjennom dette. Det er kanskje det viktigaste valet eg gjer i mitt liv så langt, seier Knut Arild Hareide (KrF).

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide vil ikkje bli ein peikefinger-leiar, meiner NRK-kommentator Kyrre Nakkim.

Foto: Jørund Hessevik / NRK
Dagfinn Høybråten

Dagfinn Høybråten trakk seg frå leiarvervet i KrF tidlegare i haust.

Foto: Knut Falch / Scanpix
Dagrun Eriksen

Dagrun Eriksen gjorde det til slutt klart at ho ikkje ønskjer å ta over.

Foto: NRK

– Eg er veldig motivert for dette og eg trur at KrF kan spele i ein veldig viktig posisjon i norsk politikk framover.

Hareide fortel at han kom tilbake frå næringslivet fordi politikken gir ein ekstra dimensjon. Han meiner det er eit stort privilegium å få vere med å gjere kvardagslivet betre for folk.

– Eg trur vi treng eit KrF når vi ser at regjeringa seier dei ikkje vil jobbe aktivt mot fattigdom. Då skal KrF vere der og kjempe som ei løve for dei som treng det mest, seier Hareide.

– Kan bli god leiar

Hareide meiner det er rart at folk reagerer på at han har brukt lang tid på å bestemme seg for dette.

– Eg har hatt behov for å tenke gjennom dette. Det er kanskje det viktigaste valet eg gjer i mitt liv så langt, seier han.

Han peikar også på at nominasjonskomiteen faktisk ikkje har starta sitt arbeide enno.

– Eg visste at dette arbeidet skulle starte i desember. Men no meiner eg det var ryddig å fortelje at eg har bestemt meg. Eg trur eg kan gjere ein god jobb, om KrF ønskjer meg som leiar, seier Hareide.

Nye verdisaker

I går vart KrF presentert for ei meiningsmåling der partiet såvidt er over sperregrensa. No vil Hareide bruke fattigdom og verdigheit for dei eldre som fanesaker for å løfte partiet igjen.

– Vi opplev no at vi har ei regjering som nesten driv hovudreingjering der alt som det luktar litt kristendom av, skal vekk. Det ønskjer sjølvsagt ikkje KrF.

Han nemner også aktiv dødshjelp og surrogatiproblematikken som typisk nye verdisaker som KrF vil ha ei røyst i.

Ikkje Frp-avklaring

Han vil ikkje avklare korleis KrF kjem til å halde seg til Framstegspartiet ved neste stortingsval.

– Det eg kan love, er at KrF skal ha eit tydeleg svar før neste stortingsval. Akkurat no har vi ei fleirtalsregjering. Det kan vere at den regjeringa som sit no, faktisk ikkje sit om to-tre år.

Jens Stoltenberg

Statsminister Jens Stoltenberg ønskjer Hareide velkommen som partileiar i KrF.

Foto: NRK

Erna Solberg

Det gjer også Høgre-leiar Erna Solberg.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Ap og Høgre: – Velkommen

Både Arbeiderparti-leiar Jens Stoltenberg og Høgre-leiar Erna Solberg ønskjer Hareide velkommen som partileiar i KrF.

– Eg er heilt sikker på at Kristeleg Folkeparti bestemmer kven som skal vere leiar utan at eg gir dei råd. Men eg kjenner Knut Arild Hareide som ein veldig dyktig, kunnskapsrik og ordentleg politikar. Eg er sikker på at om KrF velgjer han, så vil han gjere ein god jobb for partiet, seier Stoltenberg.

– Eg trur han har potensiale fordi eg trur han er flink til å skape entusiasme rundt seg. Men eg trur han vil ha ei utfordring med den entusiasmen han alltid har utvist. No skal han også setje grenser og styre. Eg trur han vil kunne meistre det, men eg trur han kanskje må bli tøffare, seier Solberg.

– Ingen peikefinger-leiar

Politisk kommentator i NRK, Kyrre Nakkim, tolkar at Hareide kjem til å velje ein annan stil enn forgjengaren Dagfinn Høybråten.

– Han blir ein meir liberal leiar, ein leiar som vil leggje vekt på dei positive sidene av kristendommen, seier han.

Nakkim meiner Hareide vil bli ein leiar som ser meir på nestekjærleik og solidaritet, enn ein som vil halde fram fram peikefinger mot kva ein ikkje skal gjere.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger