Hopp til innhold

Regjeringa snur etter student-press

Regjeringa varslar i kveld at studiestøtta likevel ikkje vil bli utbetalt flatt over 10 månader, slik det er foreslått i Statsbudsjettet.

Anne Karine Nymoen er leiar i NSO

Anne Karine Nymoen likte dårleg regjeringa sitt nye forslag til studiestøtte.

Foto: NSO

Tora Aasland

Statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland med kjapp snuoperasjon.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Scanpix

I statsbudsjettet som vart lagt fram i dag varsla regjeringa at ordninga med at studentane skal få 40 prosent av støtta utbetalt ved starten av semesteret, skulle endrast til ei flat utbetaling over 10 månader.

Massiv kritikk

Etter massiv kritikk frå blant andre Anne Nymoen, leiar i Norsk studentorganisasjon NSO, snudde forskingsminister Tora Aasland i kveld.

- Eg hadde ingen prestisje til dette forslaget. Eg har valt å lytte til studentane, og eg vil derfor tilrå at Stortinget ikkje innfører denne endringa, seier Tora Aasland.

Ho vedgår at regjeringa ikkje har vore flinkt nok til å sjekke ut reaksjonane og konsekvensane i denne saka. - Vi ser no at studentane ikkje vil ha denne ordninga, legg ho til.

Reaksjonane frå studentane var tidlegare i dag sterke.

Anne Karine Nymoen i NSO sa blant anna at studentane er avhengige av større utbetalingar i starten av semestera for å kunne betale blant anna pensumlitteratur, depositum til husleige og andre ekstraordinære utgifter ved studiestart.

Indeksregulering

NSO er også sterkt misnøgd med at studiestøtta berre blir indeksregulsert, noko som ifølgje Nymoen berre vil gi studentane 178 kroner meir i månaden.

- Dette er for dårleg. Vi har foreslått ein opptrappingsplan for å nå målet om 11 månaders studiestøtte, som vi hadde håp om at regjeringa ville følgje opp, seier Nymoen.

Men ho er ikkje misnøgd med alt i det nye statsbudsjettet. NSO-leiaren er godt nøgd med at regjeringa foreslår å opprette 2200 nye studieplassar, men ho forventar også at dette må bli fylgt opp med midlar til å styrkje undervisninga.

Norsk studentorganisasjonen NSO er ein paraplyorganisasjon for studentar ved høgare utdananingsinstitusjonar i Noreg. Organisasjonen representerer rundt 200.000 studentar.

NSO har nettstaden Student.no .

LES OGSÅ: - Regjeringa sviktar studentane

LES OGSÅ: - Et hårreisende løftebrudd

LES OGSÅ: - For dyrt å være student

AKTUELT NÅ