Hopp til innhold

Mogleg stopp i olje og bensinleveransar

Ved midnatt går meklingsfristen for Oljetransportavtalen ut. Ein eventuell streik frå midnatt vil råka flytrafikk og bensinstasjonar.

Eit Boeing 737-705 frå flyselskapet SAS.
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Oljetransportavtalen ligg no på meklingsbordet, etter at forhandlingane om høgare løn for dei som fyller drivstoff på fly blei brotne i juni.

Denne avtalen regulerer transport frå dei største oljelagra i Noreg, og ein streik frå midnatt vil gå ut over levering av drivstoff til flytrafikk på Gardermoen og til samtlege bensinstasjonar på Austlandet.

Gardermoen blir råka

Norsk Industri / NHO er part i to avtalar som regulerer drivstoffpåfyllinga av fly på norske flyplassar og for Ekeberg Oljelager. Avtalane er med høvevis Parat / YS og Norsk transportarbeiderforbund / LO.

Oslo Lufthamn, Gardermoen har dagleg om lag 60 000 passasjerar I følgje ei

Thomas Lilloe (t.h.) og Lars Johnsen

Thomas Lilloe (t.h.) og Lars Johnsen frå LO og Norsk Transportarbeiderforbund.

Foto: Trygve Bergsland

pressemelding frå Parat vil ein eventuell streik frå midnatt råka Gardermoen Fuelling Services, som tek hand om all påfyll av drivstoff til flya på Gardermoen.

– Årsaka til at det no er fare for streik er at Transportarbeidarane tidlegare blei lova å følgje lønsutviklinga i oljeselskapa. Dette er ikkje blitt fulgt opp gjennom dei lokale lønsforhandlingane, seier leiar for forhandlingane i Parat, Thomas Lilloe i pressemeldinga.

– Ikkje full stopp

Informassjonssjef i flyselskapet SAS, Knut Morten Johansen seier det førebels ikkje er fare for at deira flyavgangar frå Gardermoen vil verta innstilte.

– Me tankar opp flya i kveld, i tilfelle det skulle bli streik. Dessutan kan me tanke andre stader i landet. Ved korte innanlandsflygningar er det heller ikkje naudsynt å fylle drivstoff kvar gong, seier han.

Men Johansen vedgår at ein eventuell streik kan føre til komplikasjonar.

– Full stogg blir det ikkje, men einskilde flygningar kan verta forseinka dersom ein må mellomlande for å fylle tanken med drivstoff, fortel informassjonssjefen.

Bensinstasjonar i faresonen

Ein eventuell streik vil også få konsekvensar for Ekeberg Oljelager. Oljeselskapet sikrar bensin og diesel til alle bensinstasjonar på Austlandet - som representerer nærmare 50 prosent av all bensin og dieselomsetnad her i landet.

– Me kan ikkje akseptera at oljeselskapa behandlar tilsette i dotterselskap som annanrangs i forhold til oljeselskapa sine eigne tilsette, meiner nestleiar i Parat, Vegard Einan.

– At store oljeselskaper opprettar underselskap som vert drifta etter «non-profit» prinsipp, skal ikkje frita oljeselskapa for ansvaret dei har for ei lønsutvikling også for tilsette i desse selskapa, legg Einan til.

Arbeidsgjevar trur på løysing

Tore Hurlen representerer NHO og Norsk Industri.

Tore Hurlen representerer NHO og Norsk Industri.

Då det i juni blei klart at partane måtte til mekling, sa leiaren for forhandlingane på den andre sida av bordet, Tore Hurlen at kravet om blant anna eit tillegg på kr 8,50 per time var overraskande og urimeleg.

Med berre timar igjen til meklingsfristen, har forhandlingsleiaren til NHO og Norsk Industri likevel håp om at dei skal klare å kome fram til ei løysing som begge partar kan leva med.

– Eg er optimist og trur at me skal klara å få til ein avtale. Utgangspunktet vårt er at me forheld oss til minstelønssatsane og i tillegg fører lokale forhandlingar, seier Hurlen.

– Oljeselskapa har ikkje ansvaret

Han opplyser at det gjennom dei lokale forhandlingane er dei einskilde bedriftene med arbeidsgjevaransvar som er ansvarlege - ikkje oljeselskapa.

Unntaket er der oljeselskapa på mindre stader sjølv tek hand om lagring og transport og derav også har arbeidsgiveransvar, fortel han.

I første omgang vil 63 medlemmar frå Parat og Transportarbeiderforbundet bli tekne ut i streik dersom partane ikkje greier å bli einige om Oljetransportavtalen før midnatt.


AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger