Hopp til innhold

Flykta frå Bolivia til Noreg

Ei 20 år gammal jente, som har vore fengsla for narkotikasmugling i Bolivia, kom heim til Noreg i dag.

Video nsps_upload_2010_2_14_23_41_35_1828.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

20-åringen vart sett fri frå varetekts-fengsel i oktober i fjor mot ein kausjon på 200.000 kroner, men har hatt meldeplikt for boliviansk politi. Ho fekk også tilbake passet sitt, og dette har gjort henne i stand til å forlate Bolivia.

Advokaten hennar, Carl Bore, seier til Dagbladet at det er ei personleg avgjerd som ligg til grunn for heimreisa.

LES OGSÅ: Sparket advokaten etter tilståelsen

LES OGSÅ: Fingeravtrykk kan løse kokain-sak

LES OGSÅ: Innrømmet forsøk på smugling

- Bolivianske styresmakter er ikkje førespurde om dette, seier han.

Kvinna, som fylde 20 år på laurdag, og familien hennar var svært fortvila då rettssaka mot henne og dei andre norske i Cochabamba vart utsett i desember.

Carl Bore seier at familien til 20-åringen har innsett at ho ikkje kjem til å få ei rettferdig rettssak i Bolivia. Utsetjinga av rettssaka gjorde at dei siste illusjonane om dette forsvann, seier han til Dagbladet.

Risikerer 33 års fengsel i Bolivia

Han legg til at tryggleiken til 20-åringen også har vore avgjerande for at ho no har kome heim. Han fortel at ho har levd under kontinuerlege drapstruslar, og at ho vart prøvd forgifta i fengselet.

Rettssaka mot 20-åringen og dei to andre norske jentene skal etter planen starta i april, og 20-åringen er framleis sikta i saka.

20-åringen vil etter alt å dømme ikkje bli utlevert til Bolivias. Noreg har ingen utleveringsavtale med Bolivia, og i praksis utleverer aldri norske borgarar til andre land.

LES OGSÅ: - Dette er bare triks fra forsvaret

LES OGSÅ: - Advokatene prøver å få Bolivia-rettssaken foreldet

Då NRK-medarbeidar Sjur Øverås Knudsen snakka med statsadvokat Claudia Ancilla i Cochabamba i desember i fjor var ho krystallklar på at alle dei tre norske kvinnene vart skuldige i å smugle kokain.

Dei tre kvinnene er ikkje tiltalte for noko i Noreg, og statsadvokaten meiner det ikkje er aktuelt å sleppe dei heim før det har falle ein dom i Bolivia. Så kan det forhandlast om ein utleveringsavtale etter det, seier ho.

Ho synest det er greitt at den 23 år gamle mannen som blir rekna som hovudmann i saka, blir utlevert til Noreg, fordi han er tiltalt for fleire forhold i Noreg enn i Bolivia.

Narkosiktet kvinne fra Lillesand

Den narkosikta 19-åringen kom heim til Noreg i dag.

Foto: Boliviansk politi

AKTUELT NÅ