Hopp til innhold

Dobbelt så mange skadde og sjuke i påska

Norsk Folkehjelp har hatt 40 oppdrag hittil i påsken - dobbelt så mange som dei tre siste åra. Aller mest skadar og sjukdom har det vore i Sirdal i Vest-Agder.

Norsk Folkehjelp på øvingsoppdrag

Brotskadar, forstuingar, pusteproblem, og brystsmerter er nokre av årsakene til at nordmenn i påskefjellet treng bistand frå Norsk Folkehjelp. Her frå eit øvingsoppdrag saman med Norsk Luftambulanse den 19. april 2014.

Foto: Norsk Folkehjelp

Sirdal står for så mange som halvparten av Norsk Folkehjelp (NF) sine oppdrag denne påska. Årsaka til det er det store hyttefeltet i kommunen.

– Sirdal får heile 30.000 innbyggarar ekstra i påska på grunn av hytteturistane. Det er som ein liten by som veks opp der. Me har rett og slett mange oppdrag der fordi det er mange folk der, fortel rådgjevar i Norsk Folkehjelp redning og beredskap Vegard Lindbekk.

I tillegg har organisasjonen vaktstasjon med ambulanske og snøskuter i Sirdal.

Halvert for Raudekrossen

I motsetnad til NF har Raudekrossen hatt under halvparten så mange oppdrag som i fjor: 166 aksjonar og 440 skadar i år mot 377 aksjonar og 980 skadar i løpet av påska 2013.

– Ei sein påske og varierande snømengder er grunnen til det, opplyser Ole Gladsø , landsrådsleiar for Raudekrossen hjelpekorps til NRK.

– Mange held seg heime i hagen, ute i båten eller i byen. Det er færre folk på fjellet totalt sett. Det er dessutan seint i skisesongen. Folk har fått mykje trening og er stødigare, legg Gladsø til.

Tala går i ulike retningar fordi Raudekrossen også tel mindre alvorlege ting som sårstell. Norsk Folkehjelp tek berre AMK-oppdrag med i sin statistikk, dermed blir auken i oppdrag meir utslagsgjevande.

Det er dessutan oppretta ni nye redningsgrupper i NF i løpet av dei siste åra. Fleire av desse har hatt oppdrag i år.

Den seine påska har ført til at mange har reist andre stader enn på fjellet. Raudekrossen har behandla halvparten så mange skadar som i fjor.

Den seine påska har ført til at mange har reist andre stader enn på fjellet. Raudekrossen har behandla halvparten så mange skadar som i fjor.

Beinbrot og solforbrenning

– Det er jamnt over folk som har blitt sjuke eller skadde på skitur eller på hytta. Brotskadar, forstuingar, pusteproblem, brystsmerter. Folk er rett og slett uheldige når dei er på tur. Me gir dei behandling og skyss til sjukehus eller legevakt, fortel rådgjevaren i NF.

Om det er sol og blå himmel eller ruskevêr er av stor betyding for skadeomfanget i påska.

Norsk Folkehjelp har i år berre hatt eitt einaste oppdrag i heile Nord-Noreg, ingen i Tromsø. Unormalt lite, ifølgje Lindbekk:

– Det er verrelatert. I Tromsø plar det vera masse å gjera, men det har vore kuling og snø, då går ikkje folk går ut.

Lenger sør i landet har folk fått oppleva skikkeleg godvêr med steikande påskesol. Det kan fort bli i meste laget for vinterbleike nordmenn.

– Me får ein del meldingar om solforbrenningsskadar. Mor og far er flinke til å smørja borna sine, men gløymer seg sjølve, fortel Gladsø i Raudekrossen.

Norsk Folkehjelp øver

Norsk Folkehjelp har hatt unormalt lite å gjera i Nord-Noreg påskeveka. Stille periodar brukar redningsgruppene til trening.

Foto: Norsk Folkehjelp

Mindre leiting med god mobildekning

Både Raudekrossen og Norsk Folkehjelp rosar nordmenn i fjellet for god oppførsel og fokus på tryggleik. Betre mobildekning har dessutan letta jobben til dei frivillige.

– Me har nesten ikkje leiteaksjonar etter dei som skadar seg lenger. Me kan spora mobilar, folk kjem gjennom på mobil og varslar oss tidleg om skadar og sjukdom og får hjelp i staden for at nokon melder dei sakna. Det har absolutt letta arbeidet for oss,

Søndag registrerer både Norsk Folkehjelp og Raudekrossen via Vegtrafikksentralen at folk sakte men sikkert har begynt å venda heimover frå fjellet for denne gongen.

Sjekk påsketrafikken der du er no på NRKs trafikkportal.

Begge organisasjonane er likevel i beredskap ut andre påskedag. Raudekrossen har ei siste oppmoding til fjellfolket på tampen av påska:

– Dei som skal ha seg ein siste tur i løypa eller bakken i morgon må hugsa på at kjølege netter gir skarpt føre og fare for fall på morgonkvisten. Ikkje stress, tenk tryggleik slik de har gjort hittil i påska.

Raudekrossen på øvingsoppdrag

Sjølv om Raudekrossen rapporterer om halvert skadeomfang denne påska, har hjelpekorpsa hatt litt å henga fingrane i. Travlast har det vore i Buskerud, Agder-fylka og Oppland (Biletet er teke under ei øving).

Foto: Arild Blomkvist / Raudekrossen


AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger