Etter fleire feite sjansar i første omgang klarte ikkje Arendal å få ballen i mål. I staden var det Espen Hoff som sende Start i leiinga rett før pause. Men arendalittane slo tilbake umiddelbart og gjekk rett i angrep og utlikna.
- LES: Slik var kampen
Slo tilbake
Etter pause la Mads Stokkelien på til 2-1 for eliteserieklubben. Mange trudde nok at Start skulle kontrollere inn, men Arendal slo tilbake nok ein gang og utlikna ved Marius Bruun Henriksen 10 minutt ut i andre omgang. Bruun Henriksen var ein konstant trussel i Start-forsvaret.
Ti minutt seinare putta Espen Hoff sitt andre for dagen. Etter det kontrollerte bortelaget inn til siger. Scoringar ved Espen Børufsen og Ole Martin Årst gjorde at kristiansandsklubben vann 5-2 til slutt.
Politisk kamp
2200 tilskodarar var samla på Bjønnes stadion. Kampen starta med at Start-supportarane ropte «Ett Agder - Ett sykehus!» til heimepublikummet. Arendal har kjempa for sjukehuset i byen. Mange er redd for at sjukehuset kjem til å bli lagt ned då fleire funksjonar ved sjukehuset vert flytta til Kristiansand.
- LES: Resultater 1. runde
Stuntet frå Start-fansen skal ha blitt motteke med smil og latter blant arendalittane.
I tillegg skal det vere folkeavstemming i Aust-Agder ved kommunevalet til hausten. Kommunane i fylket er ueinige om samanslåing av Agder-fylka.