Hopp til innhold

Han sende Sør Arena til himmels

Start er klar for eliteserien etter 1-0-siger over Sandefjord.

Espen Hoff

Espen Hoff scora 1-0 målet og det til stor jubel frå tribunen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Publikum i kø før Start-kamp

Sjølv etter kampstart var køane lange for å kome inn på Sør Arena. 5 760 tilskodare er på plass for å sjå Start - Sandefjord.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Sørlendingane fekk ein god start på heimebane. 20 minutt ut i kampen sende nemleg Espen Hoff laget i leiinga.

LES: Kampen minutt for minutt

Det var heimelaget som styrte det meste frå første spark i seriefinalen. Men dei store sjansane uteblei. Heile Sør Arena ropte på straffe etter halvtimen, da Mattias Wilhjalmson vart lagt ned innanfor 16-meteren, men dommaren vinka spelet vidare.

Mot slutten av omgangen kom Kamal Saliiti heilt aleine gjennom for vestfoldingane. Men ein god Johnny Kristiansen i Start-buret hindra utlikning.

Start - Sandefjord

Start-jubel etter 1-0 scoringa mot Sandefjord.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Kjempesjansar

37 minutt ut i kampen fekk Solomon Owello kjempetreff frå hjørnet av 16-meteren, men ballen gjekk centimeter utanfor krysset til Sandefjord. Berre minuttet seinare vart Espen Hoff spelt aleine gjennom. Men ein vaken Sandefjord-keeper hindra scoring.

Fire minutt før pause fekk Ernest Asante ein kjempesjanse til å doble leiinga. Kantspelaren fekk ballen heilt umarkert på 8–10 meter, men skaut over.

Dermed gjekk laga til pause med 1–0 til Start.

Sjansefattig etter pause

Heimelaget tok initiativet også i andre omgang, men det var Sandefjord som kom til den første store sjansen.

Kamal Salitii headet frå åtte meter etter eit innlegg, men startkeeper Johnny Kristiansen var med på notane.

Andre omgang vart ein sjansefattig affære.

Aggressive Start-spelarar hindra dei fleste overgangene og kontrollerte inn til siger. Dermed er sørlendingane klar for eliteseriespel neste sesong!

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %