Hopp til innhold

– Kjempeflaks at dette ikkje utvikla seg til ein storbrann

Brannvesenet rykka ut etter røykutvikling i eit hus i Hovedgata i Tvedestrand sentrum. Tilfeldigheiter gjorde at brannvesenet var i nabolaget, og fekk raskt kontroll over brannen.

Branntilløp i Tvedestrand

BRANNTILLØP: Huset vert lufta ut etter branntilløpet i Tvedestrand.

Foto: Marianne Drivdal/Tvedestrandsposten

– Det var rett og slett ei glødelampe som hadde ramla ned i eit gammalt tregolv og slått fyr i ein bjelke under golvet, seier utrykkingsleiar Knut Magne Tolleshaug NRK.no.

Espen Gåserud

Brannmeister i Tvedestrand, Espen Gåserud.

Foto: Leif Dalen / NRK

Det vart slått full alarm hos brannvesenet då dei vart varsla om brannen. Tilfeldigvis var dei på eit møte like ved huset som brann. Dermed var dei på staden berre to minutt etter at meldinga om brannen tikka inn.

Fleire leilegheiter i huset

– Det er jo eit gammal hus med tørt treverk og god trekk. Det skal ikkje mange minutt til før det er full fyr. Vi hadde rett og slett kjempeflaks då vi kom til så tidleg, seier Tolleshaug.

Det er fleire leilegheiter i huset som tok fyr, men brannvesenet såg ingen grunn til å evakuere bebuarane då dei fekk raskt kontroll. Brannen starta i eit rom det ikkje bur folk i, ifølgje Tvedestrandsposten.

– Alle stod på utsida når vi kom fram. I tillegg var ein av dei inne huset med ein slange med vatn, seier han.

To brannar på kort tid

Det er berre litt over ei veke sidan eit gammalt trehus i Tvedestrand vart totalskadd i brann. Brannen var den tredje sentrumsbrannen på få år. Etter brannen uttrykte brannvesenet bekymring for brannsikkerheita i trehusbebyggelsen.

– Det er alltid slik at når vi får ei brannmelding er vi spent på om det er i sentrum. Det går både på den gamle trehusbebyggelsen i tillegg til det å komme seg fram i sentrum, seier brannmeister Espen Gåserud.

– No var vi heldigvis raskt på plass. Det er vel snakk om eitt av dei største trehusa her i byen. Så det kunne jo ha blitt ein stor brann, men det veit ein jo aldri. Men det skulle ikkje ha gått mange minutt før brannen hadde utvikla seg, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %