Hopp til innhold

Trur på mur-erstatning

Eit forlik om oppsmuldra Leca-mur gir ein grunneigar i Flekkefjord ny grunn til optimisme. Måndag vart det kjent at Leca-produsenten og ein bustadeigar i Rogaland har inngått forlik før saka kom opp i høgsterett.

Otto Egedal

OPTIMIST: Otto Egedal er optimistisk med tanke på å få erstatning for ein Leca-mur etter eit forlik mellom produsenten og ein bustadeigar i Rogaland. (Arkivfoto)

Foto: Eie, Lars / NRK

No trur eigaren av grunnmuren i Flekkefjord på ei klekkeleg erstatning.

– Eg ventar eit akseptabelt tilbod som eg kan godta, seier Otto Egedal til NRK.no.

Skader for ein million

Leca-produsenten Weber/Saint-Gobain har vore heime hos Egedal i Flekkefjord tre gonger for å sjå på grunnmuren som skal vere i ferd med å falle saman.

Egedal hevdar taksten på skadene er drøyt ein million kroner, eit krav han er villeg til å gå til retten med.

– Det er jo forferdeleg trist at det skal måtte gå så langt for at dei skal gjere opp for seg. Når du først har blitt gjeldsfri på huset får du kanskje ei rekning som er tre gonger så stor, som det huset kosta når du bygde det, seier eigaren.

Trur på erstatning

Advokat Kjetil Mjaaland vil ikkje kommentere forliket, som kom i stand mellom Leca-produsenten Weber og huseigarane på Tau i Rogaland måndag.

Weber tapte både i tingretten og lagmannsretten. No trur Mjaaland på erstatning til både Egedal og fleire andre med øydelagd Leca-mur.

– Dommen frå Gulating står jo. Den er ikkje rettskraftig, men det skal mykje til for at domstolane skulle dømme anleis i ei tilsvarande sak, seier Mjaaland til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %