Hopp til innhold

Arresterte åtte HA-medlemmer

Politiet i Kristiansand aksjonerte natt til laurdag mot åtte danske Hells Angels-medlemmer på kaia i Kristiansand.

SuperSpeed

STOPPA: Åtte danske Hells Angels-medlemmer kom med danskebåten Superspeed til Kristiansand. På kaia vart dei arrestert og sett i arresten.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Dei er arrestert med hjemmel i utlendingslova og mistanke om straffbare forhold, seier operasjonsleiar ved Agder politidistrikt, Bård Austad til NRK.no.

Dei åtte medlemmene var på veg til ein Hells Angels-fest på Jæren, men politiet hanka dei inn då dei kom med danskeferja til Kristiansand.

Sit i arresten

– Dei sit no i arresten i Kristiansand. Arrestasjonane føregjekk utan dramatikk, seier Austad.

Årsaka er at politiet ikkje ynskjer å ha dei i landet. Dei åtte Hells Angels vert difor sende tilbake til Danmark i dag.

Dei siste vekene har fleire norske kommunar teke standpunkt mot etablering av kriminelle MC-klubbar. Mandal kommune har signalisert at dei vil bruke «alle lovlege middel» for å hindre at klubbar får etablere seg.

Nektar å sleppe inn

For kort tid sidan gjekk rockefestivalen Norway Rock Festival inn for å nekte folk med klede eller merker som utrykkjer støtte til kriminelle MC-klubbar, å sleppe inn på årets festival.

For kort tid sidan var ei rekkje norske kommunar samla i Danmark for å lære korleis danskane jobbar mot kriminelle MC-klubbar. Der gjekk ei av hovudlinjene på dialog.

– Vi skal ikkje gå i dialog med desse klubbane. Den einaste dialogen vi har med dei skjer i rettssalen, sa politistasjonssjef i Kristiansand, Ole Hortemo til NRK.no.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %