18.05.2012

Fire døde etter rusmisbruk på ett år

Rusmisbruk

MISBRUK: Fire personar har omkomme som følgje av rusmisbruk dei siste 12 månadene i Flekkefjord. No vil kommunen sjå på årsakene. (Illustrasjonsfoto)

Flekkefjord kommune vil drøfte situasjonen etter at fire menneske har døydd på grunn av rusmisbruk i Flekkefjord dei siste 12 månadene.

– Kommunen er oppteken av å sjå om dette skuldast tilfeldigheiter. Om det har vore fleire enn vanleg, eller om det er andre årsaker som ligg bak, seier kommunalsjef Bernard Nilsen til NRK.no.

Lensmann Asbjørn Skåland i Flekkefjord (Foto: Lars Eie/NRK)

Asbjørn Skåland

Foto: Lars Eie/NRK

Kalla inn til møte

Flekkefjord har rundt 9000 innbyggjarar. Fire dødsfall relatert til rusmisbruk på 12 månader er høgare enn normalt.

I løpet av ein 12 års periode har 17 menneske omkomme som følgje av rusmisbruk, anten alkohol eller narkotika. No vil kommunen gjere grep.

– Konkret at vi teke initiativ til eit internt arbeidsmøte med lege, sosialteneste, psykisk helseteneste og politi for å sjå på situasjonen saman, seier Nilsen.

Arresterte 40 personar

Lensmann i kommunen, Asbjørn Skåland, meiner antal narkomane i byen har vore stabilt dei siste åra.

– Vi har rimeleg bra kontroll. Vi har hatt større kontrollar i Kvinesdal og Flekkefjord og arresterte rundt 40 personar. Det var i hovudsak mindre kvantum og det gjekk mykje i hasj, seier han.

Banner valgresultat 2011 468x110

Siste: Sørlandet

Se TV-sendingene
Hør NRK Sørlandet
Fotokonkurranse
Opplev Agder
SørlandsScenen
Tips oss!

Siste riksnyheter

SISTE SPORTSNYHETER

Siste: Sørlandet