Hopp til innhold

Vil ikkje dykke i skipsvraket

Leitemannskap leitar framleis etter to sakna danskar i 40-åra utanfor Kristiansand. Politiet meiner det er for risikabelt å gå inn i skipsvraket.

Redningsaksjon Korsvikfjorden

LEITEAKSJON: Politiet vil ikkje gå inn i skipsvraket for å leite etter dei to sakna danskane.

Foto: Øivind Eskedal / NRK

Dei to sakna, ein mann og ei kvinne i 40-åra, vrakdykka i det tyske lasteskipet «Seattle» i Krosvikfjorden utanfor Kristiansand, og kom aldri tilbake.

LES OGSÅ: Vurderer å gå inn i vraket

Ein miniubåt søkjer no gjennom området, men så langt utan hell.

Politiet: – Veldig farleg

Politiet vil helst unngå å sende dykkarar inn i vraket.

– Det ser vi på som veldig farleg og vi vil prøve å sjå inn i vraket med moglege tekniske hjelpemiddel, seier operasjonsleiar i agderpolitiet, Vidar Neset til NRK.no.

Leitinga etter dei to dykkarane vart sett i gang ved 13.30-tida søndag. Dykkinga skjedde ved krigsvraket «Seattle», der leitemannskap no søkjer etter dei to. I dag vert det gjort søk med ein miniubåt med kamera.

Seattle

VRAK: Slik ligg det gamle vraket i botnen av Korsvikfjorden.

Foto: Dykkersiden.com

Vanskelege leiteforhold

– Vi er i dialog med andre om andre moglegheiter dersom vi ikkje finn noko med det utstyret som er på plass no, seier Neset.

Operasjonsleiaren fortel om særs vanskelege leiteforhold i området.

– Det er noko dårleg sikt nede på botnen og dette gjer arbeidet nitidig. Eg veit også at det skal vere dårleg sikt inne i sjølve vraket, seier Neset.

«Seattle» er eit av dei meste kjende skipsvraka i Noreg og eit populært mål for dykkarar. Det 140 meter lange skipet sank under krigshandlingar i april 1940 og vart funne av dykkarar i 1988.

Fleire ulykker

I 1997 omkom ein dansk dykkar i området. I 2001 skjedde det same, og i 2007 fekk ein annan dykkar problem. Året etter måtte ein mann reddast etter å ha fått dykkarsjuke etter dykking ved skipet.

Det har i tillegg vore fleire mindre alvorlege ulykker i samband med dykking ned til skipet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %