Hopp til innhold

Kyrkjeasylantar blir i fleire veker

Den kosovoserbiske familien som har søkt kyrkjeasyl i Flekkefjord, kjem til å bli i eit par-tre veker. Det trur kyrkjeverje Stein Rafoss.

Serbere i kirkeasyl i Flekkefjord

KAN BLI I FLEIRE VEKER: Vera og Ivica Prelevic håpar på ny behandling av saka si. (Arkivfoto)

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

Serbere i kirkeasyl i Flekkefjord

PÅ TRAPPA: Familien venter spent på at utlendingsnemnda skal behandle anken om å få bli i landet. (Arkivfoto)

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

Familien søkte tilflukt måndag denne veka, og vil ikkje reise før utlendingsnemnda har behandla ei anke om å få bli i landet.

LES OGSÅ: Håper i det lengste

Rafoss opplyser at nemnda ikkje har fått papira endå. Det er årsaka til at det kan ta fleire veker.

Har søkt asyl

Familien Prelevic stakk av før politiet kom og henta dei laurdag. Dei kom til Noreg i slutten av desember i fjor.

– Vi visste ikkje kva vi skulle gjere. Det var ein veldig vanskeleg dag for oss. Dei lette etter oss og gjekk i husa til venene våre for å finne oss, s Vera Prelevic til NRK.no tidlegare denne veka.

LES OGSÅ: Serbere i kirkeasyl

Biskopen i Agder og Telemark, Olav Skjevesland har tidlegare vore kritisk til at familien skal bli sittjande lenge i kyrkjeasyl.

Hevdar dei vert forfulgt

– Dette er inga ordning, men dette er rett og slett ei moglegheit som menneske har til å kunne tenkje over situasjonen, seier han til NRK.no.

– Vi har i kyrkja etterkvart lært at asylet har sider som i lengda er ganske slitsomme, så det er ikkje sikkert det er så gunstig. Men som sagt, det er ei moglegheit for folk til å setje seg ned i ei kyrkje og tenkje over situasjonen sin, og det er vel det asylet er meint som, legg han til.

Familien i Flekkefjord meiner dei har dokumentasjon på at dei er forfulgt i Kosovo. Dei har bede NOAS om å ta kontakt med Utlendingsnemnda for å få vurdert saka si på nytt. Inntil nemnda tek ei ny avgjerd er familien innstilt på å vere i kyrkjeasyl.

Serbere i kirkeasyl i Flekkefjord

I ASYL: Familien Prelevic er klar for å sitje fleire veker i kyrkjeasyl i Flekkefjord. (Arkivfoto)

Foto: Hansen, Alf Ove / Scanpix

Største aksjon i Noreg

Det var førre laurdag at politiet pågreip over 70 personar på fleire asylmottak rundt i heile Noreg, og vart sende heim med fly til Serbia.

Uttransporteringa var den nest største i politiet si historie.

LES OGSÅ: 71 serbere sendt ut av Norge

– Dei uttransporterte er etniske serbarar som har fått avslag på asylsøknadene, og som ikkje har returnert til heimlandet innan utreisefristen, stod det i pressemeldinga frå PU.

Frp: – Hent dei ut

Tidlegare har innvandringspolitisk talsmann, Per Willy Amundsen, frå Framstegspartiet bede politiet gå inn i kyrkja å hente ein kosovoserbisk familie som har gått i kyrkjeasyl i Rognan i Nordland.

LES OGSÅ: Vil hente ut asylsøkere i kirkeasyl

– Det er ikkje noko grunn til at politiet skal la vere å hente ut personar som sit i kyrkjeasyl, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %