– Vi må søke for kvart dødsfall slik at det går litt tid før vi kan fastsettje tidspunkt for begravelsen, seier kyrkjeverge, Stein Rafoss til Avisen Agder.
Kyrkjegårsdrifta på dei sju kyrkjegardane i Flekkefjord vert ramma av streiken. Plenklipping og andre oppdrag vert ikkje utført.
– Grast gror godt og folk vil merke at det ser ustelt ut. Det kan vi dessverre ikkje gjere noko med og vi kan berre be om forståing for det. Det gjeld også for dei som har bestillt gravstell utført av bygartnar, seier Rafoss.
– Vi har god tru på at alle forhold rundt sjølve gravferda vil sjå normal ut, bortsett frå at det vil sjå utstelt ut, seier han.