Hopp til innhold

Fekk porno-førespurnad på butikken

18 år gammal kvinne frå Kristiansand vart spurt om å vere med i pornofilm då ho var ute å handla.

Pernille Kulsvehagen

TRAKASSERT: Pernille Kulsvehagen frå Kristiansand føler seg trakassert etter å ha blitt spurt om å vere med i pornofilm då ho var på handletur i butikken.

Foto: PRivat

– Eg var i butikken for å handle nokre småting, då ein frammand mann kom bort til meg. Han sa til meg at eg hadde ein perfekt kropp, seier Pernille Kulsvehagen til NRK.

Mannen fortalde kvinna at han jobba med eit filmprosjekt og var ute etter modellar til filmen.

Erotisk film

– Så fortalde han at han leita etter modellar til ein erotisk film, seier ho.

– Eg opplevde det heile som særs ubehageleg. Eg vart sett ut og var heilt skjelven etterpå. Eg føler meg trakassert og som eit objekt. Det var veldig ubehageleg, seier ho.

18-åringen fortel om fleire bekjente av ho som har opplevd liknande den siste veka - også det i Kristiansand.

– Eg tykkjer ikkje noko om at dei går fram på denne måten. Eg kunne like godt ha vore 14-15 år. I den alderen kan ein vere veldig sårbar og lett å lure, seier Kulsvehagen, som har vurdert å melde saka til politiet.

Privat Film

– Oppsøkjer dei meg igjen vil eg straks melde dei til politiet, seier ho.

Mannen gav kristiansanderen i nettadresse og oppgav namnet Privat Film.

Overfor Fædrelandsvennen beklagar Per Martin Steen i Privat Film at 18-åringen føler seg trakassert.

– Dessverre vart det ikkje naturleg, men vi lærer jo etterkvart. Vi har teke nokon runder med oss sjølve og komme fram til at vi ikkje skal drive oppsøkjande verksemd overfor privatpersonar, seier Steen.

Han legg til at dei aldri ville tatt inn modellar som er under 18 år.

- Vi sjekker alltid at modellane er gamle nok. Vi er seriøse, seier han til NRK.

Vil spre glede

– Vi ynskjer jo å spre positivitet og glede. Det er mange som er i «tenkjeboksen» og har lyst, legg han til.

Så langt har «vervinga» til filmen gått tregt på Sørlandet.

– Eg veit det er veldig mange som går med ein draum om å bli pornoskodespelar. Vi ynskjer å hjelpe folk til å realisere den draumen, seier han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,63 kr
Dyrest kl. 07 1,36 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,7 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %