Hopp til innhold

Desse toppar Ap i Vest-Agder

Kari Henriksen får ny tillit som toppkandidat i Arbeiderpartiet i Vest-Agder. Odd Omland blir andrekandidat.

Odd Omland og Kari Henriksen

JUBEL: Odd Omland og Kari Henriksen jublar etter nominasjonsmøtet.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Kari Henriksen

Kari Henriksen

Foto: Svein Sundsdal/NRK
Odd Omland (Ap)

Odd Omland

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Det vart klart under nominasjonsmøtet på Buen i Mandal laurdag.

Henriksen har site ein periode på Stortinget.

– Den einaste utfordringa er å bli det største partiet og dermed få to på Stortinget, sa Henriksen i takketala.

Fokus på Høgre

Ho minna om at kvar stemme tel, og viste til valet i 2005 då Frp fekk 19 stemmer fleire enn Arbeiderpartiet. Det gjorde at Frp fekk to stortingsrepresentantar, medan Ap berre fekk ein.

– Det er i hovudsak Høgre vi må ha fokus retta mot framover. Den aller viktigaste saka er trygg økonomisk styring, her som i andre regionar, seier ho.

– Vi har mange som slit på arbeidsmarknaden og har låge inntekter, spesielt i indre bygder. Dessutan må vi gi samferdsle eit løft og sikre finansiering av universitetet i løpet av neste fireårsperiode, seier ho.

Vil sikre to representantar

Odd Omland har planen klar.

– Oppgåve nummer ein blir å få to på tinget frå fylket vårt. Dersom vi klarar det trur eg nok også vi sikrar ei regjering med Stoltenberg i spissen, seier han.

– Vi må trekkje fram det som skjer i kommunane, eg trur barnehage og skule blir viktige saker, seier han.

Linda Verdal frå Mandal ligg på tredjeplass på lista, deretter følgjer Trond Blattmann og Jannike Arnesen, begge frå Kristiansand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %